Litt om dei ulike teknologiane

Litt om dei ulike teknologiane

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Velferdsteknologi

Signalanlegg

Kommunar som skal oppgradere desse anlegga blir anbefalt å bruke anlegg som gjer passiv varsling mogleg ved behov (ved å kople på blant anna digitalt tilsyn).

I dette prosjektet ligg også utbygging av infrastruktur som skal vi treng for å nytte velferdsteknologi.

I bruk i Hareid kommune – Det er starta prosjekt for innføring og søkt Husbanken om tilskot til dette.

Digitalt tilsyn

Digitalt tilsyn gjer det mogleg å utføre tilsyn på dag eller natt utan at tenestemottakar vert forstyrra. Sensorane kan registrere beveging, passering, fall, ute av seng, ut av dør, våken i seng osb. Ved utløyst alarm kan vi få fram bilde på vakttelefon, og vi kan ev. gå inn på  PC for å få ein kort filmsekvens. Alt blir loggført, men ingen bilete eller film vert lagra. Det finns også digitalt tilsyn utan bilde. Dette vil vere mindre inngripande enn med bilde.

I bruk i Hareid kommune – Ikkje i bruk per dags dato, men innføringsprosjekt er starta opp.

Digitale tryggleiksalarmar

Det var eit mål at alle kommunane skal ha dette innan 2018, Hareid innførte dei våren 2019, altså nær målsetninga i sjustjerna.  Digitale alarmar kan gi auka tryggleik i heimen ved aktiv varsling frå tenestemottakar og ein kan også på sikt t.d. kople til passive alarmar med tanke på fall, brannvarsling og døralarmar. Dei tilsette i heimetenesta har såkalla «mobile vaktrom» i ein applikasjon på mobiltelefon dei ber med seg og er heildøgn operativ. Det er tenleg å unngå unødige eller forseinka ledd når det er heimetenesta som rykker ut på alarmar dersom dei ikkje får svar ved oppringing først. Dette er ei teneste Hareid har hatt tilbod om i mange år, men som no er teknisk modernisert.

I bruk i Hareid kommune – det er i bruk om lag 100 tryggleiksalarmar etter vedtak om denne tenesta.

Elektronisk medisineringsstøtte

Elektronisk medisineringsstøtte inneber bruk av elektronisk multidosedispensarar som varslar via lys og lyd når medisinen skal takast. Der tenestemottakaren ved eit tastetrykk på dispenseren «matar ut» rett multidosepose korrekt medisineringstidspunkt pakka/kontrollert frå apotek. Via mobilnettet vert helsepersonell varsla dersom medisinen ikkje blir teken ut.

Ved multidosedispenser blir det ikkje brukt tid frå tenestene til å dele ut enkeltdosar frå multidosar til tenestemottakarar som ikkje kan administrere dette sjølv.

I bruk i Hareid kommune – nei, men planlagt innkjøp og oppstart 2020/2021.

Lokaliseringsteknologi

Varslings- og lokaliseringsteknologi kan vere aktuelt som tilbod til personar med demens og anna kognitiv svikt. Slike løysningar bør ein tilby i nært samspel med pårørande. Slik kan fleire bu heime lenger og ha meir fridom. 

I bruk i Hareid kommune – Ingen per i dag, men det er aktuelt/formålstenleg i fleire avdelingar innan sektoren og prosjekt på innføring er starta opp.

Elektronisk dørlås

Elektroniske dørlås (e-lås) er eit nøkkelfritt system som i velferdsteknologisk samanheng blir installert på ytterdør hos innbyggarar som mottek heimetenester. Døra kan opnast av ein applikasjon i den tilsette sin tenestemobil. Formålet er å effektivisere nøkkelhandtering i tenesta og betre sikkerheita ved at ein unngår at nøklar kjem vekk. I dag nyttar tenestene nøkkelskap eller reservenøklar.

I bruk i Hareid kommune – Nei det vert vurdert løpande saman med andre nøkkelsystem for best val.

Digital timebestilling

I tillegg til telefon nyttar vi no tenesta Helserespons der ein kan bestille time, avbestille timar, sende ut timar osv. Kostnaden til dette er det det 7-stjerna digitaliseringsprosjektet som tek fram til digiHelsestasjon kjem i slutten av 2021. Då vert gjeldande teneste i Helserespons avslutta.

I bruk i Hareid kommune – ja frå våren 2020 ved helsestasjonen

Virtuelt møterom – Norsk Helsenett

Sektoren har under koronapandemien våren 2020 teke i bruk løysinga virtuelt møterom frå Helsenett via oppringing frå nettleser (join.nhn.no) eller «Skype for business».

Virtuelt møterom kan nyttast til pasientkonsultasjonar, møter og undervisning der fleire kan delta frå ulike lokasjonar. I kommunen sin avtale med Helsenett er ulike typar «rom»; sensitivt rom som kan nyttast til deling av sensitiv pasientinformasjon for eksempel saman med pasient, pårørande, helseføretak og fastlege, eller administrativt rom for møter utan deling av sensitive opplysningar, for eksempel til tverrfaglege eller administrative møter.

Møtevert (ansvarleg for møtet i kommunen) kallar inn til møtet og gir ut romnummer. Det er berre møtevert som kan «opne rommet» med pinkode.. Andre deltakarar kan altså ikkje møtast i romet utan at verten godtek kvar enkelt deltakar. Kvar deltakar samtykker også med omsyn til personvern før dei deltek på møtet. Driftsteknikar har utarbeidd informasjon til møtevert for bruk og deltakarar som skal delta for første gong.

I bruk i Hareid kommune – ja under koronapandemien våren 2020

LMP – Lifecare mobil pleie

Heimetenesta i Hareid kommune tok i bruk denne applikasjonen (appen) i desember 2012. som ein integrert del i er integrert i sjustjerna felles journalsystem Gerica. Her kan tilsette logge seg inn for elektroniske arbeidslister tildelt per vakt, kvittere utførte oppdrag, skrive journal, ha tilgang til medisinlister  mm. Det er ei styrke at tilsette som arbeider i tenestemottakar sine private heimar har tilgang til denne informasjonen, særleg slik krav til heimetenesta har utvikla seg seinare år med tidleg utskriving frå sjukehus og krav til auka helsehjelp i heimen (Samhandlingsreforma 2012).

I bruk i Hareid kommune – ja

DigiHelse - Digital innbyggardialog

DigiHelse er eit nasjonalt prosjekt som gjev høve til tovegs kommunikasjon mellom tenestemottakar/pårørande og helsetenesta.

Kommunen kan enkelt kommunisere med tenestemottakar på ein sikker og funksjonell måte. DigiHelse bygg på nasjonale standardar og Helsenorge.no som plattform, og vil vere lik for alle tenestemottakar i alle kommunar, uavhengig av fagløysing. Sjustjerna nyttar fagløysinga Gerica og innførte dette først for tenestene matombering og praktisk bistand i heimen hausten 2019. Hausten 2020 blei det vidareutvikla til å gjelde alle heimetenester. Tenestemottakar og pårørande kan sjå avtalar og gjennomførte besøk og direkte avbestille eller utsette besøk/tenester frå Helsenorge.no. Pårørande må vere gitt tilgong av tenestemottakar.

I bruk i Hareid kommune – ja frå hausten 2019

 

eRom

Dette er ei løysing som viser den elektroniske pasientjournalen sin tiltaksplan på ein oversiktleg og intuitiv måte. Det vert installert ein berøringsskjerm på kvart pasientrom med enkel pålogging og direkte tilgang til siste journalføring og i tillegg oversikt over tiltak og prosedyrar som skal gjerast denne dagen. Modulen plassadministrasjon (PLA) vert bygt opp i Gerica.

I bruk i Hareid kommune – Nei. Mål om å gi opplæring og ta i bruk i løpet av  desember 2020.