Dag- og nattopphald Lovgrunnlag Lov om kommunale helse og omsorgstenester § 3-2, nr 5. Lov om pasient- og brukar rettigheter § 2-1 a andre ledd Rett til klage Lov om pasient- og brukar rettigheter § 7-2. IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 17: Dagopphald i institusjon. IPLOS-tenestetype 22: Nattopphald i institusjon. Kostnad Krav om eigenbetaling for dag- og nattopphald jf. Vederlagsforskrifta. Mål for tenesta Tilbod til heimebuande med omfattande hjelpebehov som ikkje kan dekkast i eigen heim eller av andre tenestetilbod Kriterier for tildeling Tenesta skal vere av førebyggande eller re-/ habiliterande karakter som til dømes:Vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale ferdigheiterVere eit ledd i eit vurdering eller rehabiliteringsoppleggFørebygge einsemdFørebygge behov for omfattande heimeteneste eller heildøgns omsorgsteneste Praktiske opplysningar Tenesta inkluderer aktivisering, sosial stimulering og pleie og omsorg ved svekka funksjonsnivå Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå opphaldet kan det bestillast transport via pasientreiser. Helsepersonell kan hjelpe til å bestille Den som tek i mot dag-/nattopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemiddel Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer Transport til og frå opphaldet Forventningar til tenesteytar Tenesteytar skal opptre på ein respektfull måte Legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar Forventningar til tenestemottakar Opptrer på ein respektfull måte overfor tilsette og medpasientar Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket Brukar utfører sjølv det han/ho meistrar Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert 08.05.2019 17:53 Sist endra 08.10.2024 09:38