Korttids- og rehabiliteringsopphald på sjukeheimen

Korttids- og rehabiliteringsopphald på sjukeheimen

Tenesta korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald når kommunen sjølv eller sjukehus har vurdert at det i ei periode vert vanskeleg å gi forsvarleg hjelp i heimen. Opphaldet vert primært gitt ved korttidseininga ved Hareid sjukeheim, men kan og verte gitt på dei andre sjukeheimseiningane alt etter ledig kapasitet og diagnose. Opphaldet kan vare frå ein dag til fleire veker.

Mål for tenesta
  • Gje tilbod om heildøgns pleie- og omsorg i institusjon i ein tidsavgrensa periode der tenestemottakar har behov for behandling og/eller vanskar med å fungere i eigen heim med tilrettelagt hjelp
  • Formålet med opphaldet er å kartlegge tenestemottakar sitt funksjonsnivå og evne til eigenomsorg, samt vurdere behovet for framtidige tenester for at brukar skal kunne halde fram med å bu i eigen bustad
Kriterier for tildeling
  • Tenestemottakar må ha eit tidsavgrensa behov for døgnkontinuerleg observasjon, oppfølging og behandling
  • Behov for terminalpleie og palliativ behandling
  • Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast med lege om behovet er av ei slik art at nødvendig helsehjelp må gis av spesialisthelsetenesta
  • Andre relevante tiltak skal på førehand vere vurdert og/eller utprøvd
  • Personar med samtykkekompetanse må sjølv ønske tenesta
  • Tidsavgrensa opphald: Utgreiing og behandling:
    • Behov for tettare medisinsk og funksjonsmessig observasjon, oppfølging og behandling
    • Ved utskriving frå sjukehus er det vurdert som ikkje hensiktsmessig å prøve heim før rett omsorgsnivå er kartlagt og vurdert
    • Opphaldet må av sjukehuset vere avklart med tenestemottakar
    • Opphaldet kan omfatte både utgreiing og behandling
    • Slikt opphald kan nyttast ved behov for avklaring av rett omsorgsnivå (t.d. etter søknad om sjukeheimsplass)
  • Tidsavgrensa opphald: Anna:
    • Gjeld andre opphald som verken er utgreiing/behandling, rehabilitering, avlasting eller øyeblikkeleg hjelpopphald
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Transport til og frå opphaldet

Praktiske opplysningar
  • Eigenbetalinga dekker kost, losji og legemiddel under opphaldet
  • Tenestemottakar får oppfølging frå sjukeheimslege ved behov
  • Tenestemottakar må ha med nødvendig personleg utstyr, klede og toalettsaker
  • Tenestemottakar må ha med tekniske hjelpemiddel dersom eininga ikkje har dette tilgjengeleg
  • Tenestemottakar er ansvarleg for transport til og frå korttidsopphaldet
  • Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå opphaldet kan det bestillast transport via Pasientreiser. Helsepersonell kan hjelpe til å bestille
  • Det kan verte aktuelt å dele rom med anna pasient
Forventningar til den som gir tenesta
  • Skal opptre på ein respektfull måte
  • Skal legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar
Forventningar til den som får tenesta
  • Opptrer på ein respektfull måte overfor tilsette og medpasientar   
  • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Utfører sjølv det han/ho meistrar av eigenomsorg og daglege aktivitetar
  • Sørge for at private klede er merka med namn
Kostnad

Det er krav om eigenbetaling for korttidsopphald i institusjon jf. Vederlagsforskrifta.

Søknadsskjema

Vi har eit felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenestene våre. I skjemaet fortel du om behova du eller dine nær har, så vil kommunen vurdere kva teneste som er best eigna til å dekke behova innafor våre rammer og kvalitetsstandardar.

Du kan søke på vegne av andre. Då loggar du på med din bank-ID. For å søkje for andre må du ha fullmakt. Den kan du laste ned her [lenke til fullmakt] og skrive ut slik at den du søkjer for kan signere.

Felles søknadsskjema om helse- og omsorgsteneste

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse og omsorgstenester § 3-2, 6c.
Lov om pasient- og brukar rettigheter § 2-1 a andre ledd.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukar rettigheter § 7-2

IPLOS-registrering

Ja.
IPLOS-tenestetype 18: Tidsavgrensa opphald: Utgreiing og behandling.
IPLOS-tenestetype 20: Tidsavgrensa opphald: Anna.

Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.


 

Kontakt

Monica Småge Skeide
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 20
Mobil 95 89 12 80
Perdis Holstad
einingsleiar
E-post
Mobil 95 89 12 81