Langtidsopphald institusjon - sjukeheim Lovgrunnlag Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 6 c. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a. Lokal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskild tilrettelagd for heildøgnstenester. Rett til klage Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 21: Langtidsopphald i institusjon. Kostnad Det er krav om vederlagsbetaling for langtidsopphald jf. Vederlagsforskrifta Mål for tenesta Yte pleie og omsorg til tenestemottakarar som har eit omfattande og døgnkontinuerleg hjelpebehov som ikkje kan dekkjast på forsvarleg måte i eigen heim. Kriterier for tildeling Personar med fysisk, psykisk eller sosialt funksjonstap med behov for tilsyn/omsorg heile døgnet. Tiltak og tenester i heimen skal vere prøvd og/eller vurdert, utan å gje tilfredsstillande kompensasjon for funksjonstapet før tildeling. Praktiske opplysningar Langtidsopphald i sjukeheim inneber: Døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod som ikkje er tidsavgrensa Regelmessig tilsyn av lege og etter behov Kontakt med spesialisthelseteneste og tannhelseteneste etter behov Tilbod om ergo- og fysioterapeutteneste etter behov Vederlaget dekkjer kost, losji, medisinar m.m. samt helsetenester som kommunen organiserer etter helse- og omsorgstenestelova § 3-1 Tenester som ikkje er eit kommunalt ansvar, t.d. spesialisthelsetenesta, inkl. reise til og frå, må du betale eigenandel for Langtidsopphaldet kan endrast dersom tenestemottakar si helse og funksjonsnivå endrar karakter slik at heildøgnsomsorg ikkje lenger er nødvendig Romet kan møblerast i samråd med institusjonen, men skal ikkje vere til hinder for godt arbeidsmiljø for tenesteytar Tenestemottakar som har rett til langtidsopphald i institusjon eller bustad med heildøgns pleie og omsorgsteneste kan bli sett på venteliste dersom det ikkje er plass (jf. forskrift om venteliste) Personar som har plass på skjerma eining kan bli flytta til ein somatisk eining dersom fysisk sjukdom og behov for pleie vert dominerand Dersom pårørande ønsker å ta tenestemottakar heim for kortare periode og det er behov for helsetenester i form av hjelp til personlig hygiene og medisinsk oppfølging utover det familien sjølv klare, må det utarbeidast ein avtale i god tid i førevegen Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer Kostnadar/utgifter som ikkje inngår i vederlaget: Telefonutgifter og avisabonnement Frisør Fotpleie Andre velværebehandlingar Klede Hygieneprodukt utover det institusjonen tilbyr Privat tannlege og fastlegetimar Briller og høyreapparat Forventningar til tenesteytar Opptrer på ein respektfull måte overfor tenestemottakar og pårørande Gi hjelp til eigenomsorg i samsvar med tenestemottakar sine eigne ressursar samt legg til rette for å oppnå optimalt funksjonsnivå Forventningar til tenestemottakar Gi nødvendige opplysningar i samband med vederlagsberekning Tenestemottakar, pårørande eller verje meldar flytting til folkeregisteret, posten m.m. Tek ansvar for personlege verdisaker Private eigendelar er ikkje forsikra av kommunen Sørger for å merke private klede med namn Utfører sjølv det han/ho meistrar Pårørande skal som hovudregel følge til tannlege, undersøkingar, kontrollar mm. Tenestemottakar og pårørande forstår at vedtaket kan bli endra ved betring av funksjon, og der behov for heildøgns pleie og omsorg ikkje lenger er tilstade Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert 08.05.2019 17:52 Sist endra 08.10.2024 14:02