Det skjer i Hareid - hjelpesideDet skjer i Hareid er ein kultur- og aktivitetskalender for alle arrangørar innanfor Hareid kommune sine grenser. Kalenderen er administrert av Hareid kommune. Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Her er Facebook-sida til Det skjer i Hareid. Sjå retningslinjer nedst i artikkelen. Slik legg du inn eit arrangement på sida: Du må ha eit arrangement oppretta av ein Facebook-side. Når du legg inn arrangementet eller redigerer det, trykk på innstillingar for arrangement (tannhjulet) på siste fane.Her kan du leggje til Det skjer i Hareid som medarrangør. Hugs å lagre! (Viss du ikkje får til å gjere endringa på telefon-app, prøv i nettlesar på datamaskin.) Vi vil då få eit varsel og vil gå gjennom arrangementet for godkjenning. Når arrangementet er akseptert av oss, vil det dukke opp i samlekalenderen til Det skjer i Hareid. Det er gjerne slik konsertstader eller kulturhus gjer med arrangement – både artist og kulturhus står som arrangør på Facebook-hendinga. På heimesida til Hareid kommune vil vi promotere kalenderen til Det skjer i Hareid. OBS: Du vil gi sida «Det skjer i Hareid» full tilgang til å endre/redigere ditt arrangement. Den retten vil vi sjølvsagt ikkje nytte oss av. «Det skjer i Hareid» vil berre vere skuggearrangør slik at dykkar arrangement kjem opp i vår samlekalender. Vi kjem heller ikkje til å svare på spørsmål knytt til arrangementet dykkar, eller er ansvarleg for arrangementet på andre måtar. Dette er berre ei innstilling du gjer for at arrangementet skal bli synleg i kalenderen. Skulle eit arrangement ikkje følgje retningslinjene våre, vil vi slette arrangementet frå vår liste. Retningslinjer for kultur- og aktivitetskalenderen «Det skjer i Hareid» Hendinga må i hovudsak skje innafor Hareid kommune sine grenser. Arrangement som er særskild retta mot innbyggarane i Hareid, men som skjer i tilstøytande kommunar, kan også bli promotert. Hendinga må vere offentleg Dersom du har faste samlingar som skjer hyppigare enn ein gong i månaden, kan du kun kople fyrstkomande arrangement til kalenderen. Dette er naudsynt for at dei større, enkeltståande arrangementa ikkje skal hamne i skuggen.* Det er lov å promotere hendingar der publikum må kjøpe billett/betale inngangspenger. Vi vil ikkje inkludere arrangement som krev medlemsskap eller på andre måtar er ekskluderande – til dømes treningstider, foreldremøter eller dugnadar i velforeiningar og liknande. Reine kommersielle hendingar – til dømes sal i ein butikk – vil ikkje bli akseptert Vi forutset at alle arrangement følgjer dei gjeldande koronaråd og -reglar for arrangement. Det skjer i Hareid/Hareid kommune vil ikkje redigere hendinga. Vi vil heller ikkje svare på spørsmål om hendingane dykkar. Vi kan heller ikkje promotere hendinga utover det at den kjem opp i kalenderen. Hareid kommune har ikkje høve til å hjelpe brukarar med å lage Facebook-side og -arrangement. Hareid kommune vil fjerne arrangement frå sida som ikkje er i tråd med retningslinjene. Hareid kommune vil kunne endre desse retningslinjene viss vi meiner det er naudsynt. *: Det er dessverre ikkje mogleg å nytte funksjonen der du kan legge inn fleire tidspunkt i Facebookhendinga. Viss du ønsker arrangementet ditt inn i Det skjer i Hareid, må du opprette eit enkeltarrangement for kvar samling. Publisert 26.11.2019 09:27 Sist endra 18.07.2023 04:42