Musikk- og kulturskulen

Musikk- og kulturskulen

Hareid musikk- og kulturskule har som visjon å vere ein kreativ og inkluderande plass for born, ungdom og andre brukarar.

Søknadsfristen hjå oss er 25. mai kvart år, med opptak i juni/juli. Men vi tilbyr plass gjennom heile skuleåret, så fort vi har noko ledig.

I Hareid musikk- og kulturskule har vi tilbod i desse faga:

  • piano/keyboard/orgel
  • gitar/bassgitar
  • song
  • blåseinstrument
  • trekkspel
  • slagverk/trommer
  • strykeinstrument
  • visuell kunst
  • dansemix 1 og 2 (les meir om dansetimane nedst i artikkelen)

 

Tilboda blir gitt med atterhald om elevgrunnlag og kvalifiserte lærarar.

Skulen har eit avgrensa antall instrument til leige.

 

Anbefalt aldersgrenser:

  • dansemix 1: frå 1. klasse (6 år)
  • dansemix 2: frå 6. klasse
  • blåseinstrument: frå 2. klasse 
  • dei andre faga: frå 1.klasse

Men merk: aldersgrensa er berre ei anbefaling.

Musikk- og kulturskulen sin hovudtanke er å gje tilbod som er tilpassa kvar enkelt elev si interesse, ambisjon og evne. Gjennom dyktige lærarar gjev vi den enkelte elev opplæring innan sitt valgte område med enkeltundervisining og/eller samarbeid i grupper.

 

Utvikle kunstnariske evner

«Levande uttrykk!» er visjonen vi i kulturskulen på Hareid har vald.

Vi skal gje born og unge i Hareid dei beste muligheitene til å utvikle sine kunstnariske evner og ibuande skaparkraft, og bidra til at elevane utviklar ei vedvarande interesse for kunst og kultur.

Kulturskulen skal

  • gje elevane opplæring i tråd med intensjonane i læreplanverket/kunnskapsløftet.
  • være eit kulturelt ressurssenter for kommunen sine innbyggjarar.
  • ha eit godt samarbeid med barnehagar, grunnskule, vidaregåande skule og kommunen sitt frivillige kulturliv.

Samarbeid mellom skule og heim – utvikling

Ein viktig faktor for at eleven skal lykkast, er at både foreldre/føresette og lærarar er engasjerte og støttande og har forventningar til ar barnet skal lære. Løpande kontakt mellom kulturskule og heim om eleven si utvikling, trivsel, frammøte og øvingsinnsats er avgjerande for utviklinga og framgangen til eleven.

Eit stort poeng for oss i musikk- og kulturskulen er at dette skal vere ein kreativ, inkluderande og hyggeleg plass å være. Vi ynskjer å gje elevane mogelegheit til å oppleve glede ved å meistre, uttrykkje og formidle si valde kunstform, åleine eller saman med andre.

Betalingssatsar for Hareid musikk- og kulturskule

Prisar per år.
Betalingssatsar for Hareid musikk- og kulturskule
Type Pris
Ordinær elevplass 3300
Elevplass kunst 3700
Instrumentleige (skulen har avgrensa med utleigeinstrument) 200
Det blir gitt 15 prosent sysken- og fleirfagsrabatt

Det vert sendt ut faktura på halve års beløpet haust og vår.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for hovudopptak er 25. mai kvart år.

Alle søkjarar vil få brev om at søknaden er motteken og registrert. Påmeldinga er bindande for skuleåret dersom ein tek imot plassen. Ein kan søkje plass gjennom heile skuleåret. Suppleringsopptak vert gjort dersom det er ledig plass.

 

Korleis søkjer eg?

 

Korleis melde seg av kulturskulen?

Du kan sende følgjande informasjon:

  • navn på elev (både for- og etternavn)
  • disiplin/instrument eleven skal slutte på

Dette sender du på følgjande måte:

 

Tilsette i kulturskulen

  • Nadia Demirov, stryk/keyboard/piano: 91 76 73 38
  • Yuri Hashimoto, tverrfløyte/saksofon: 45 79 66 71
  • Mads With Kristoffersen, song: 95 99 10 51 
  • Synne Seiertun Bjerke, dirigent: 45 46 15 14
  • Kristine Hareide, visuell kunst: 95 83 59 03
  • Jan Ramstad, gitar: 97 65 52 16
  • Bård Inge Myklebust,  blåseinstrument messing/klarinett/dirigent: 98 09 91 52
  • Daniel Osnes, piano/gitar: 98 24 46 32
  • Anton Tonev, gitar/slagverk: 48 34 75 01
  • Hanna Tonev Leinebø, dans: 45 00 89 47 
  • Torgeir L. Hauge, rektor: 94 16 01 31

 

Besøksadresse:

Myravegen 14

6060 Hareid

Telefonnummer til skulen: 70 09 50 70

 

Om dansetimane

Dansemix 1 er ein variert dansetime der vi jobbar med sansar, rytme, kreativitet, samarbeid, leik og grunnleggjande danseteknikk. Vi har fokus på å auke motoriske ferdigheiter, musikalitet, bevegelegheit og kreativitet gjennom varierte bevegelsar. Det vert også jobba med ulike oppgåver som bidreg til å utvikle elevane sine samarbeidsevner. Oppleving av danseglede og meistring står sentralt.

Dansemix 2 er ein kombinasjon der vi gjennom ulike øvingar og trinnkombinasjoner jobbar med dansetekniske element som  koordinasjon, dynamikk, isolasjoner og musikalitet. Vi jobbar også med kreative oppgåver og skaper egne bevegelsar. I tillegg  er det fokus på koreografi/framføring, danseteknikk innan hip hop, grunnsteg i breakdance og musikkforståing.