Kva kan du forvente?
Du kan få støtte for inntil halvparten av kapitalbehovet ditt, men ikkje meir enn 150.000 kroner. Skal du til dømes investere i utstyr til ein verdi av 200.000 kroner, kan du få 100.000 kroner i støtte. For prosjekt som har eit kapitalbehov på 300.000 kroner eller meir, vil det uansett ikkje bli gitt meir støtte enn 150.000 kroner.
LES OGSÅ: Søk på næringsfondet våren 2023
Kven kan få tilskot?
Næringsfondet er ikkje noko du har rett til å få. Søknad om tilskot frå næringsfondet er noko du kan få ut frå gjeldande regelverk. Det kan du laste ned her. (PDF, 676 kB)
Søknaden vert handsama i næring- og miljøutvalet.
Her kan du søke
Du søker via nettsida regionalforvaltning.no.