Når treng du serveringsløyve?
Planlegg du å starte ein stad der det vert servert mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. I nokre få tilfeller treng du ikkje serveringløyve. Serveringslova § 2 sei kven dette gjeld/ikkje gjeld for.
Korleis få serveringsløyve?
Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablererprøva for å kunne søkje om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til selskapet som eiger staden.
Send inn søknadskjema for å ta etablerarprøva
Korleis søkje om serveringsløyve?
Bruk det elektroniske søknadsskjemaet serverings- og/eller skjenkeløyve. Husk å legg ved vedlegga som er opplista. Om du har oppretta brukar kan søknadsskjemaet mellomlagrast, slik at du kan gå tilbake til søknaden på eit seinare tidspunkt.
Vedlegg som må følgje søknad om serveringsløyve
Stadfesting på bestått etablerarprøve Firmaattest Leigekontrakt - stadfesting på kvar serveringsstaden ligg
Kor lang tid tek det?
Søknad om serveringsløyve vert handsama fortløpande. Søknaden vert sendt til politiet og Skatteetaten for uttale. Behandlingstida er avhengig av tilbakemelding frå desse, om dei har anmerkningar til søknaden eller om du kjem med tilleggsopplysningar under søknadsbehandlinga.
Krav
Det vert gitt løyve om krava i Serveringslovens §§ 4 til 6, jfr. § 7 er oppfylt, og det ikkje ligg føre forhold som av politimessige omsyn gjer det utilrådeleg at serveringsløyve vert gitt.
Husk - Melding til Mattilsynet
Alle som vil starte næringsmiddelverksemd skal på førehand melde frå om dette til Mattilsynet. Les meir om krava vedrørande melding til Mattilsynet.
Regelverk
Lov om serveringsvirksomhet