Kven kan få skjenkeløyve
Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkeløyve.
Har du ikkje serveringsløyve så kan du søkje om servering- og skjenkeløyve i same skjema.
Korleis få skjenkeløyve?
Styrar og avløysar:
- må ha bestått kunnskapsprøva
- ha uklanderleg vandel
- må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
- må vere over 20 år.
Bruk det elektroniske søknadsskjemaet serverings- og/eller skjenkeløyve.
For ambulerande skjenkeløyve eller løyve ved einskildstilfelle, sjå her.
Vedlegg som må følge søknad om skjenkebevilling
- Firmaattest. Attestane skal ikkje vere eldre enn 2 månadar
- Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar
- Dokumenter som viser at du eig eller leiger lokalet
- Dokumentasjon på at grunneigar gjev løyve til uteservering
- Teikning av lokalet inne og ute. Salsarealet skal vere skravert eller fargelagt. Nødutgang skal merkast
- Aksjeselskap må sende revisorbekrefta aksjeeigarbok med eigarandelar gitt opp i prosent
- Opplysningar om for eksempel eigarar bak aksjeselskapet, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap
- For båtar: Passasjersertifikat for båtar med plass til meir enn 12 passasjerar, nasjonalitetsbevis
Kommunen kan i enkelte saker be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan.
Når kan du forvente svar?
Endringar i løyve
Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring sendast til kommunen, som gjer eit nytt vedtak.
Skal verksemda endre styrar eller stedfortredar må ein nytte dette skjemaet.
Her kan du lese meir
Konsekvensar ved brot på regelverk
Alkoholpolitisk handlingsplan (PDF, 667 kB)