Dei kommunale avgiftene blir fakturert seks gonger i året saman med eigedomsskatten.
Fyrste faktura er i starten av februar. Då betaler du for januar og februar. Neste er i starten av april, då betaler du for mars og april og så bortetter.
Med på faktura for 1. termin er også avrekninga for vassmålaroppgjeret året før.
Gå til denne sida og logg deg på med til dømes Bank-ID.
Her kan du også søke om betalingsutsetting om du treng det. Trykk på fakturaen du vil utsette, nedst til venstre under fakturainformasjon finn du knappen der du søker. Merk: Fakturaen må ikkje ha gått til forfall.
På sikt vil du på denne sida også finne anna informasjon om deg og tenestene du mottek frå oss.
Dersom du har spørsmål om fakturaane kan du sende e-post til okonomi@hareid.kommune.no. Dersom du ikkje har e-post, kan du ringe sentralbordet på 70 09 50 00.