Erlend Friestad
Jakttid
Jakttida på hjort er 1. september til 23. desember.
Skadeskyting og ettersøk
Det er krav om at alle jegerar/jaktlag skal ha skriftleg avtale om tilgang på godkjent ettersøkshund. Det er ikkje lov å jakte utan slik avtale.
Ved skadeskyting av hjort eller uavklara situasjon etter påskyting av hjort, skal godkjend ettersøksekvipasje tilkallast og ettersøk gjennomførast. All jakt i jaktfeltet skal stoggast medan det pågår ettersøk. Pliktig ettersøk på eige vald er den dagen dyret vart påskote og om nødvendig ut dagen etter. Ved ettersøk som går over på anna vald, opphøyrer retten til ettersøk og felling ved utgangen av dagen den skadeskotne hjorten kom inn i valdet. Er ettersøket første dag utan resultat skal jaktrettshavar og kommunen eller politi kontaktast og informerast om situasjonen.
Når pliktig ettersøk er utan resultat skal kommunen avgjere om ettersøket kan avsluttast eller om ettersøket skal halde fram. Den jeger eller jaktlag som står for skadeskytinga pliktar å delta utan vederlag ved pålagt ettersøk. Det er lov å bruke kunstig lys til ettersøk etter påskoten hjort. Men før ein tek i bruk kunstig lys har jegeren plikt til å varsle politi, jaktrettshavar og kommune om bruken.
Rapportering av sett hjort og felt hjort
Frå årets jakt skal ein bruke ein oppdatert app for registrering av sett og skoten hjort. Sjå denne sida for meir informasjon.
Det er svært viktig at alle jaktdagar vert registrerte i hjorteviltregisteret/sett og skutt. Jaktdagar skal rapporterast anten det er sett hjort eller ikkje. I tillegg til dette skal felte dyr registrerast med rett informasjon. Rett alder, kjønn, og nøyaktig slaktevekt!
Fastsetting av alder på felte dyr I dei fleste tilfelle er det fullt mogeleg å bedømme om ein felt hjort er kalv, ungdyr (1,5 år) eller eldre (2,5 år +), om ein sjekkar kjeven/tennene. Dette bør gjerast, for å kunne rapportere med rett alder i hjorteviltregisteret. På denne nettsida kan du få hjelp til å bestemme alder på hjorten.
Merka hjortar
Hjort med gps-klave og øyremerke Det er no kunn ei kolle i Ulstein som er merka med gps-klave og øyremerke i Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. Hjort med gps-klave skal ikkje fellast.
Merka hjort. Om ein er uheldig og likevel feller hjort med gps er det svært viktig at kommunen blir kontakta med det same. Det skal brukast rett verktøy for å fjerne klaven, ikkje kniv eller liknande. Dyret skal vegast, samt at kjeven og øyremerka skal takast vare på.
Hjort med berre øyremerke Når dei merka hjortane ikkje har gps-klaven lenger, kan dei fellast på lik line som andre dyr. Gje beskjed til kommunen så snart som råd. Øyremerke skal takast vare på. Dyret skal vegast og kjeven skal takast vare på for innlevering.
Kvotefri jakt på hjortekalv
I Hareid kommune har desse valda fått tildelt kvotefri jakt på hjortekalv i 2024;
- Hjørungavåg hjortevald
- Nakkane hjortevald
Kvotefri jakt på kalv gjeld for alle jaktrettshavarar i valda. Dette vil seie at alle jaktrettshavarar kan felle eit fritt tal kalvar på sin eigen eigedom. Det er sjølvsagt lov å la andre felle kalv på eigedomen.
Rapportering og fellingsavgift:
Jaktdagar og felling av ekstra kalvar skal rapporterast i hjorteviltregisteret/sett og skutt på lik linje som andre jaktdagar. Det skal betalast fellingsavgift for kvotefrie kalvar på lik linje som andre felte dyr.
CWD/Skrantesjuke
Symptom på sjukdomen er mellom anna avmagring og unormal framferd. Smitteoverføring skjer via beite, spytt og urin. Det er ikkje kjend at sjukdomen kan smitte til menneske, verken frå dyr eller kjøt. Ser de dyr som kan vere sjuke skal kommunen varslast.
Melding til kommunen
Melding til kommune gjeld ettersøk, bruk av kunstig lys, om skada og sjuke dyr eller mistanke om skrantesjuke.
Send melding eller ring til: Anne Kathrine Løberg, telefon 90 03 43 80.
Ynskjer alle vald god jakt med høgt og godt uttak!