Informasjon om SFO

Informasjon om SFO

Tenesta skal gi tilsyn,omsorg og tryggleik til barn i alderen 6-9 år før og etter skuletid. SFO er eit frivillig tilbod.

SFO skal i samarbeid og forståing med heimen dekke behovet barna har for omsorg og tilsyn, samtidig som det blir gitt rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik. SFO skal bidra til trivsel og glede i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, i tillegg til å gi rom for rekreasjon og kvile. Det beste for barnet skal alltid vere eit grunnleggjande omsyn. Det vil kvar dag bli servert eit lett ettermiddagsmåltid.

Kvar skule har si skulefritidsordning. Rektor er pedagogisk og administrativ leiar, og dei ulike einingane har sin eigen sfo koordinator.

Telefonnummera til SFO er:

• Bigset skule: 70 03 76 60
• Hareid skule: gruppe 1: 90 29 87 58,  gruppe 2: 90 25 19 90,  gruppe 3: 90 79 60 57
• Hjørungavåg skule: 90 94 90 35

SFO tilbodet fylgjer skuleåret. Hareid kommune har SFO- tilbod i sommarferien ei veke etter skuleslutt (26) og to veker før skulestart (32 og 33). Det er elles stengt dei andre skuleferiane.  På ferietilbodet må barna melde seg på, og det er Hareid SFO som er ope.  SFO har sommarstengt i veke 27, 28, 29, 30 og 31.

Opningstider

Opningstida er frå kl. 7.10–16.10 på Hareid skule og 07.05-16.15 på Bigset skule og Hjørungavåg skule, måndag til fredag.

Tilbodet omfattar tidsrommet som ikkje er dekka av den obligatoriske skuledagen. Opningstida kan blir redusert om det ikkje er nok barn som har behov for at tilbodet er ope.

Timetal

Hareid har to SFO-tilbod:

  • 24 timar i veka
  • 12 timar i veka.

Hareid kommune har to SFO-tilbod:

  • 24 timar i veka
  • 12 timar i veka.

Kvart barn skal ha ein fast oppsett og avtalt timeplan for heile eller deler av skuleåret. Heimen får ved oppstart utdelt skjemaet «avtale mellom heim og SFO». Her melder føresette inn tidspunkt dei tenker at barnet skal bruke SFO dei ulike dagane i løpet av ei veke.

Om ein har tilbodet 12 timar i veka gratis, kan ein berre nytte desse timane etter undervisningstid.

Sjå her for prisar.

Mat

Om ein skal ete frukost på SFO, tek ein med eigen matpakke til dette.

Det blir servert eit lett måltid på SFO etter skuleslutt (kl. 13/14).  Det er vanlegvis eit brødmåltid (skive, knekkebrød med sunt pålegg) og litt frukt/grønnsaker til. 
 

Forskrift for SFO kan du lese ved å følgje denne lenka. (PDF, 198 kB) (oppdatert mars 2025)

Her finn du meir informasjon om SFO-ordninga i Hareid kommune.

Kontakt

Unni Dragsund
einingsleiar/rektor
E-post
Mobil 90 40 72 43
Vivian Johansen
einingsleiar/rektor
E-post
Mobil 91 82 00 23
Vibekke Slinning
assisterande rektor
E-post
Telefon 70 03 76 32
Mobil 41 22 72 42