Du søker om SFO-plass i foreldreportalen til Vigilo. Det må gjerast via nettsida; www.vigilo.no.
Ein må logge inn med bankid. Vel barnet du skal søke for, søknader, ny søknad. Vel så søknad om sfo-plass, finn ønska plasstype i nedtrekksmenyen.
Hareid kommune har eit hovudopptak til ordinært SFO-tilbod, med søknadsfrist 15. April. Ved søknad om plass utanom årleg søknadsfrist, må skulen ta omsyn tilbemanning og eventuelt andre ting før barnet får tilbod om plass.
SFO er eit tilbod til barn i 1.-4. trinn, og for barn med særlege behov på 5.-7. trinn.
Prioritet ved opptak er:
- Elevar frå 1. og 3. trinn
- Elevar med særlege behov 3.-7. trinn
- Elevar frå 4. trinn
Ved søknad kan ein velje mellom to (2) plass tilbod:
- Heil plass, 24 timar per veke
- Halv plass, 12 timar per veke
Plass i SFO gjeld frå tildeling fram til og med 4. trinn eller til plassen vert sagt opp av føresette eller kommunen.
Rektor ved Hareid skule har ansvar for opptak av barn til ferietilbodet. Det vert krevd ekstra betaling for ferietilbodet om ein brukar meir enn sine faste timar (24/12) per veke. Timesprisen er ut frå vedtekne gjeldande satsar. Søknad om ferietilbod skjer ved eigen SFO via www.vigilo.no. Informasjon blir sendt ut om påmelding og påmeldingsfrist i vigilo.
Stadfeste, endre eller seie opp SFO-plass
Om ein skal endre eller seie opp SFO-plassen, går du inn på foreldreportalen til www.vigilo.no. (nettsida). Ein må logge inn med bankId. Vel barnet det gjeld, vel søknader i menyen, endre plass eller oppsigelse av SFO, sluttdato for gammal plass og startdato for ny plass, eller ønskt sluttdato. Sjå lokal forskrift for oppseiingstid.
Når du har fått tilbod om SFO-plass, må du takke ja eller nei til dette tilbodet inne i Vigilo.
Her er prisoversikt for SFO.
Det er mogleg å søke om redusert betaling eller gratis tilbod. Også dette gjer du via Vigilo.
Her finn du meir informasjon om SFO-ordninga i Hareid kommune.