Det er fastsatt tre moderasjonsordninger i SFO:
- 12 timers gratis SFO for elever på 1.–3. trinn.
- En inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for husholdninger med elever på 1.–4. trinn. Ordningen sikrer at ingen familier skal bruke mer enn maksimalt seks prosent av inntekten sin til å betale for en SFO-plass.
- Gratis SFO for elever med særskilte behov på 5.–7. trinn.
Her finn du meir informasjon om SFO-ordninga i Hareid kommune.
Felles for alle moderasjonsordningane
Betaling for kost blir holdt utanfor moderasjonsordningane. Det betyr at kommuna kan ta betalt for kost, sjølv om foreldra har gratis SFO. Betaling for kost vil heller ikkje vere med i utrekninga om redusert foreldrebetaling. Den kjem ved siden av.
Ordninga må fastsettalst i lokal forskrift og kunngjerast i Lovdata.
Har du fått avslag på søknad om redusert foreldrebetaling, kan du klage på dette til kommuna.
Gratis SFO for elevar på 1.-3. trinn
Alle elevar på 1.-3. trinn som har søkt om SFO-plass har rett på dette tilbodet. Det gjeld både elevar som har full plass og halv plass. Prisen er sett ut frå dette på plasstilbodet.
Redusert foreldrebetaling grunna låg inntekt
Redusert foreldrebetaling grunna låg inntekt gjeld for foreldre med barn på 1. -4. trinn. Foreldrebetalinga per barn skal ikkje vere meir enn seks (6) prosent av inntektene til husholdninga. Det er ikkje redusert foreldrebetaling for matpengar.
Både ektefeller, registrerte parnarar og samboarar kan reknast som ein del av husholdninga. Som samboarar reknast det om ein har budd ilag minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om søkaren er i eit samboarskap utan felles barn, må søkar opplyse kommuna om dette. Aleineforeldre utgjer ei husholdning.
Om foreldra til barnet bor kvar for seg, og barnet bor fast hos begge foreldra, er det husholdningsinntekta til den foreldren som har folkeregistrert adresse ilag med barnet som skal leggast til grunn når kommuna skal vurdere om det skal bli gitt redusert foreldrebetaling.
- Kva er vilkåra for å få redusert foreldrebetaling?
For å kunne få redusert foreldrebetaling må enten utgiftene til SFO for eitt skuleår utgjere meir enn seks (6) prosent av inntekta til husholdninga i løpet av det siste året, eller så må det vere varig nedgang i inntekta til husholdninga i inneverande år som gjer at utgiftene til SFO for eitt skuleår vil overstige seks (6) prosent av inntekta til husholdninga.
- Kva inngår i husholdsinntekta?
Med husholdninga si inntekt meiner ein samla brutto personinntekt etter skattelova kap. 12, og skattepliktig kapitalinntekt. Skattepliktig kapitalinntekt er blant anna renteinntekter, aksjeutbytte, gevins ved sal av eigedom og lausøyre, leigeinntekter.
- Kva er varig nedgang i inntekt?
Det kan vere fleire årsaker til at husholdninga får ein varig nedgang i inntekta si. De kan til dømes skylde dødsfall, samlivsbrot, tap av arbeidsinntekt og liknande. Søkar må sende inn dokumentasjon til kommuna om årsaka til nedgang i inntekta. Kommuna foretek ei konkret vurdering av om nedgangen er varig.
- Når må det søkast om redusert foreldrebetaling?
Det søkast om redusert foreldrebetaling inne på nettsida til www.vigilo.no.
Om det blir søkt før 1. august vil kommuna sitt vedtak om innvilgelse av moderasjon gjelde frå 1. august og ut skuleåret. Om søknaden kjem etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunkt.
- Behandling av søknad om redusert foreldrebetaling.
Kommuna hentar inn grunnlaget for siste fastsetting av formues- og inntektsskatt for husholdninga frå skattemyndigheita. for å dokumentere husholdningas person- og kapitalinntekt for det siste året. Det vil seie at kommuna kan innhente informasjonen, i staden for at foreldra må levere dette.
Kommuna kan på eige initiativ hente inn slike inntektsopplysningar og fatte nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile perioda søknaden gjeld for.
Søker de når barnet går i 1. klasse, vil søknaden også gjelde for 2. klasse. Kommunen hentar då sjølv inn naudsynt dokumentasjon
Søskenmoderasjon
Det blir gitt søskenmoderasjon på barn nummer to (2) 30% moderasjon og tre (3) 50% moderasjon.
Sjå her for fullstendig prisliste og søskenmoderasjon.
Slik søker du:
Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som handsamar søknad om redusert foreldrebetaling.
Du søker gjennom Vigilo.
Gratis SFO for barn med særskilte behov
Kommuna gir tilbod om gratis SFO til elevar med særskilte behov på 5.-7. trinn. Den ordinære SFO plassen gjeld til og med 4. trinn, så det må søkast om ny plass til eleven med særskilt behov skal starte i 5. trinn. Det må søkast inne på www.vigilo.no, og ein vel då plasstilbodet 5.-7. trinn.
Klager
Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Hareid kommune, Sektor for læring og kultur, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke.