Atomberedskap og jodtablettar

Atomberedskap og jodtablettar

Jodtablettar har vore ein del av «kvardagsberedskapen» i mange år då dei kan førebygge strålingsskader etter radioaktivt nedfall på grunn av til dømes ei atomulukke.

Kommunar er pålagt å ha eit beredskapslagar. Det har Hareid kommune og eiga intern prosedyre for utdeling er på plass. I tillegg er innbyggarane oppmoda om å ha eit beredskapslager heime. Slike tablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek (10-pakning).

Ved atomutslepp følgjer det ofte med radioaktivt jod. Radioaktivt jod kan føre til kreft og stoffskifteproblem. For å hindre at radioaktivt jod blir tatt opp i kroppen, bør nokre av oss ta jod-tablettar for å «fylle opp» lageret (skjoldbrukskjertelen) med stabilt jod.

I tillegg til barn under 18 år, er det anbefalt at personar mellom 18-40 år tek jodtablettar

Personar over 40 år har liten risiko for kreft i skjoldbrukskjertelen. Det er derfor ikkje anbefalt at denne gruppa tek jod-tablettar.

Kommunane har ansvar for å sikre at alle under 18 år får tilgang til jodtablettar i ein situasjon med radioaktivt nedfall. Hareid kommune har et rikeleg beredskapslaget til å dekke alle barn i kommunen, i tillegg til gravide og ammande.

Jod-tablettar for å førebygge strålingsskader ved radioaktivt nedfall skal berre takast etter råd frå nasjonale styresmakter. Dersom det blir aktuelt å gi råd om å ta jodtablettar, vil det gå ut melding frå statelege helsemynde. Vi vil då informere om kvar innbyggarar kan vende seg for å få tablettar frå Hareid kommune.

Skal tablettane ha god effekt, skal dei takast relativt raskt og før nedfallet kjem. Alt etter vêr og vind, vil vi ha frå eit halvt-to døgn på å reagere. For å kunne respondere raskt har mange kommunar i fleire år bede om samtykke frå føresette slik at barn og elevar kan få jod-tablettane på skule/i barnehage. 

Merk:

  • Jod-tablettane beskyttar berre mot strålingsskader frå radioaktivt jod. Ved atomulukker vil det også vere andre radioaktive stoff som blir slept ut.
  • Dosering må ikkje overtige det som er tilrådd og gir ikkje meir vern.
  • Jod som kosttilskot kan ikkje nyttast til å førebygge strålingsskader.
  • Bordsalt tilsett jod har heller ikkje effekt, og det er helseskadeleg å ete for mykje salt.

Her kan de lese meir om jodtablettar.