Simen Prestaasen/DSB
Det viktigaste her er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål.
Har de det mest nødvendige på plass slik at de kan klare dykk sjølv i minst sju døgn, er de rusta for å kome dykk gjennom dei fleste kriser. Om krisa blir langvarig, har de med desse førebuingane kjøpt dykk tid og rom til å planleggje vidare. Og like viktig: Når ikkje de treng hjelp, bidreg de til at dei som treng det mest, kan få hjelp først.
Under kan du sjå kva du bør ha heime for å klare deg i sju døgn. Mange har allereie mykje mat i frys og kjøleskap som gjer at du ikkje treng alt som står på lista, men hugs då at du må ha moglegheit til å varme/steike maten.
Du kan også lese meir om eigenberedskap på sikkerhverdag.no.
Døme på beredskapslager:
- 20 liter vatn per person
- 5 pakker knekkebrød per person
- 3 pakker havregryn per person
- 7 boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
- 7 boksar pålegg med lang haldbarheit per person
- nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
- medisinar du er avhengig av
- ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
- grill eller kokeapparat som går på gass
- stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
- fyrstikker eller lighter
- varme klede, pledd og sovepose
- førstehjelpspakke
- batteridriven DAB-radio
- batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
- våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- tørke-/toalettpapir
- sanitærprodukt
- litt kontantar
- ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
- jodtablettar ved atomhendingar om du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime