Informasjon under ei krise

Informasjon under ei krise

Falsk informasjon

Startfasen av ei krise kan vere svært uoversiktleg. Då kan det vere informasjon i omløp som ikkje er korrekt. I enkelte situasjonar kan det til og med vere at personar og aktørar medvite deler slik informasjon for å forvirre og øydeleggje. Søk derfor først informasjon frå offentlege aktørar.

 

Lytt til offentlege kjelder

Hareid kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise på våre nettsider. Vårt råd er derfor å alltid gå til hareid.kommune.no om ein krise oppstår.

Informasjon herifrå vil vi dele i andre kanalar. Sentralt her er Facebook, nyheitsbrev, lokale medier og brukarsystem (som skule- og barnehageportalen Vigilo).

Kommunen kan også nytte varslingssystem for å nå mange raskt om det skulle vere behov. Tilsvarande har også politiet og sivilforsvaret.

Vi vil også dele vidare informasjon frå andre offentlege aktørar så langt som råd, men du kan også sjekke ut informasjon frå desse på eiga hand. Det kan vere informasjon frå politi, brannvesen, helsevesen, sivilforsvar med meir.

 

Telefon

Ved større hendingar vil kommunen opprette eigne telefonlinjer inn der pårørande eller andre kan få svar på spørsmål. 

 

Dersom internett og telefon ikkje fungerer

Ved eit straumbrot vil fast internett gå ned med ein gong. Mobilnettet har batterikapasitet til å levere telefoni og internett i to til fire timar. Etter dette vil du ikkje kunne nå nettsidene til kommunen eller andre viktige aktørar. Det er då to moglegheiter:

Radio: Alle bør ha ein batteridriven radio som ein del av eigenberedskapen. Eventuelt kan radioen i bilen nyttast. Via NRK vil offentlege aktørar kunne dele informasjon i nyheitssendingar.

Fysisk oppmøte: Dersom alle andre kanalar er nede, vil vi opprette informasjonspunkt på biblioteket. Her vil vi henge opp skriftleg informasjon og ha personell tilgjengeleg som kan svare på spørsmål (delar av døgnet i alle fall).

Her kan du også få kontakt med lege/naudetatar.

Skulle Hareid sentrum vere utilgjengeleg, vil tilsvarande fysiske møtepunkt bli oppretta på skulane i krinsane.