Når ei krise oppstår

Når ei krise oppstår

I beredskapssamanheng skal det ein del til før ulukker, brannar, naturhendingar eller anna blir kalla krise. Sjølv om ein brann i eit bustadhus er ein krise for dei som mister hus og heim, eller at ein trafikkulukke med eitt dødsfall sjølvsagt er ein tragedie, vil ikkje dette utløyse behov for kriseleiing.

Det må noko større til, som naudetatane og den enkelte sektor/eining i kommunen ikkje klarer løyse på eiga hand. Hendinga skal altså utfordre viktige samfunnsfunksjonar, og gjerne fleire på ein gong.

Dersom vi held oss til brannar, vil ein brann i fleire hus med stor fare for spreiing kunne gjere at kommunen set krisestab. Tilsvarande ved ein større trafikkulukke, til dømes med ein buss.  Den vanlegaste hendingstypa som krev kriseleiing er kanskje naturhendingar, som ras, flaum og sterk vind.

 

Kven styrer under ei krise?

Under ei krise, vil det vere kriseleiinga som styrer. Denne består av ordførar (leiar), varaordførar, kommunedirektør, leiarane for sektorane, beredskapssekretariat, beredskapskoordinator og kommunikasjonsansvarleg. I tillegg vil relevante fagpersonar, basert på kva krisen handlar om, bli kalla inn.

Ein av dei viktigaste funksjonane til kriseleiinga er å koordinere arbeidet med å handtere krisen og korleis vi best mogleg kan drifte tenestene våre under ein krisesituasjon.

Kriseleiinga vil også ha tett kontakt med andre aktørar, både lokale og regionale, private, frivillige og offentlege.

Det er også i kriseleiinga det blir bestemt kva informasjon som skal delast med publikum, brukarar og tilsette.

Kriseleiinga har mynde til å fatte hastevedtak om å bruke midlar inntil to millionar kroner for å handtere situasjonen og forhindre tap av materielle verdiar, liv og helse.

 

Beredskapsprinsippa

Beredskapsarbeidet i Hareid kommune nyttar seg av fire prinsipp:

Ansvarsprinsippet: Den sektoren/eininga i kommunen som har ansvar for eit fagområde/teneste, har også ansvar for  å førebu og handtere ekstraordinære hendingar knytt til området/tenestea.

Likskapsprinsippet: Hierarki, ansvar og roller skal i størst mogleg grad vere likt slik den er i daglege situasjonar.

Nærleiksprinsippet: Kriser skal som hovudregel handterast på lågast mogleg nivå.

Samverkeprinsippet: Vi skal på best mogleg måte samverke med andre aktørar og verksemder, både når det gjeld førebygging, førebuing og krisehandtering.