Varsling av uvêr/ekstremvêrHareid kommune varslar normalt innbyggarane våre via nettside, Facebook og andre kanalar ved kraftig uvêr og uvanlege vêrhendingar.Vi har vald å leggje terskelen på oransje varsel eller høgare.Det er Meteorologisk institutt som lagar varsla og vurderer kor på skalaen det er, og kva geografisk område som er omfatta av varselet.Du kan lese meir om varsla, og kva som skal til for å utløyse eit varsel med dei forskjellige faregradene på varsam.no.Du kan også abonnere på varsla frå varsom.no og få dei rett i innboksen din. Publisert 21.10.2024 09:07 Sist endra 21.10.2024 09:58