- du er god i norsk skriftleg og munnleg
- søknaden skriv du på norsk
- attestar og vitnemål skal vere oversett til norsk
- du må ha gyldig opphalds- og arbeidsløyve
- du legg ved godkjenning av utanlandsk utdanning, sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no)
- krev stillinga du søkjer på godkjenning/autorisasjon, må du leggje ved godkjenninga. Dette gjeld spesielt for helsepersonell. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell gjev slik godkjenning Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet
Alle ledige stillingar i Hareid kommune blir lyst ut offentleg.
Om opphalds- og arbeidsløyve
Innbyggjarar frå nordiske land har automatisk arbeids- og opphaldsløyve.
Innbyggjarar frå EU og EØS-land treng ikkje søkje om opphaldsløyve, men må registrere seg hjå politiet om dei ynskjer å opphalde seg i Norge i meir enn tre månader.
Innbyggjarar frå andre land i verda: Arbeidssøkjar frå land utanfor EU/EØS må ha eit skriftleg tilbod om arbeid for å få opphaldsløyve i Norge. Vilkåra for å få innvilga opphaldsløyve varierer i forhold til kva type stilling eller yrke det er snakk om. Les meir på UDI si heimeside
Om godkjenning av kompetanse
Arbeidssøkjarar, både norske og utanlandske, som har utdanning frå utlandet må leggje ved ei godkjenning frå HK-dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse) i søknaden sin. Tidlegare låg dette ansvaret til NOKUT.
For nokre yrker er det krav om autorisasjon for at du skal få jobb i Norge.
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell er ei eining under Helsedirektoratet og gjev slik profesjonsgodkjenning for helsepersonell. Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet