Få nyheitene først i nyheitsbrevet

Få nyheitene først i nyheitsbrevet

Dei fleste nyheitene frå Hareid kommune vil du få først om du abonnerer på nyheitsbrevet vårt.

Bilete av kvinne som sit foran laptopen med ein kaffikopp. - Klikk for stort bilete PExels.com/Ivan Samkov

Trykk her for å melde deg på

Nyheitsbrevet til Hareid kommune har vore ein suksess. Over 900 personar har aktivt meldt seg på – og det i ein kommune med berre 5000 innbyggarar. Vi ser også at mange opnar breva og les det vi skriv i dei.

Ved sidan av Facebook-sida vår, har nyheitsbreva vore den viktigaste kanalen. Vi når mange og vi når mange med ein gong. Vi kan også sjølv bestemme kva vi meiner er viktig, i motsetnad til på Facebook der algoritmane deira bestemmer kva følgjarane våre får sjå i feeden. 

Ein normal månad sender vi ut nyheitsbrev ein gong i veka. Då får abonnementane presentert dei viktigaste sakene. Dei som abonnerer på nyheitsbreva vil også få desse sakene før alle andre. (Er det akutte ting, legg vi sjølvsagt ut informasjonen så raskt som råd i alle relevante kanalar.)

Trykk her for å melde deg på 

 

Personvern

Det einaste du deler med oss e-postadressa di. Vi skal ikkje «selje» deg noko, så kven du er og kva du er interessert i, er ikkje noko vi treng å vite. Det andre som blir lagra er om du opnar nyheitsbreva og om du klikkar deg vidare inn på nettsida. Du deler derfor lite informasjon med oss. Likevel er det viktig at vi følgjer dei strenge krava til EU når det kjem til personvern.

Ein viktig personvernregel er samtykke. Alle abonnentane våre har samtykka til å få nyheitsbreva ved å leggje inn e-postadressa si. Vi vil også at det skal vere like enkelt å melde seg av nyheitsbrevet. Kanskje du syntest det var godt med pause? Kanskje du melde deg på med ein feil? Då er det berre å gå nedst i eit av nyheitsbreva og finne avmeldingsknappen. 

Vår leverandør, Mailmojo, har serverane sine i Noreg og stettar derfor alle krav i GDPR-regelverket.