Her kan du søke opp kven som har dei forskjellige stillingane.
Hareid kommune har ei sektororganisering som er mykje brukt i Noreg i dag. Mange kommunar har i tillegg eit ledd mellom kommunalsjef og einingsleiar, til dømes styrar på ein sjukeheim. Sektorane er organisert ut frå tenesteansvar og brukargruppe. Tanken er å få korte samarbeidslinjer og mest mulig saumlause overgangar. Staben står for dei indre tenestene og skal bidra til å gjere sektorane gode. Ansvarsfordelinga mellom sektorane og staben er ein del av omstillinga i organisasjonen og er i stadig endring.
Publisert 05.12.2018 10:02
Sist endra 19.06.2024 10:48