Hareid kommune behandlar opplysingar om tilsette for å administrere løn og arbeidsforhold. Det vert registrert nødvendige opplysingar for utbetaling av løn. Andre opplysingar om tilsette er knytt til vedkomande sin arbeidsinstruks og tilrettelegging av arbeid.
Behandlingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b), behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale den registrerte er part i.
Det vert og registrert opplysningar i tilknyting til nøkkeladministrasjon av inn- og utpasseringar, og opplysingar om tilgangsstyring i IT-systemet. Opplysningane vert henta frå dei tilsette sjølve og tilgangssystemet. Opplysingane vert berre utlevert i samband med lønsutbetalingar og andre lovpliktige utleveringar.
Opplysningane vil verte lagra og kassert i samsvar med bevarings- og kassasjonsplan .
Opplysingar om namn, stilling og arbeidsstad vert rekna for å vere offentleg informasjon og kan publiserast på nettstaden vår.
Alle tidligare og noverande tilsette har ei personalmappe i vårt arkivsystem.
Rutine knytt til personalmapper finn de i dokumentasjonsstrategien til kommunen