Digitalt folkemøte om budsjettet 2022Vi vil høyre kva du meiner om budsjettforslaget frå administrasjonen! Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Sjå folkemøtet her:Kva skal Hareid kommunen bruke pengar på dei neste åra? Og kva skal vi ikkje nytte ressursar på? Kva skal eigedomsskatten vere?Tysdag 23. november klokka 18 arrangerer vi digitalt folkemøte om budsjettet 2022.Det blir sendt direkte på Hareid kommune si Facebook-side og her på nettsida.Alle som vil kan kome med innspel og spørsmål. Dei kan de sende inn allereie no på følgande måter: E-post: erlend.friestad@hareid.kommune.no Tekstmelding: 971 43 543 (til Erlend Friestad, kommunikasjonsansvarleg) Melding på Facebook-sida til Hareid kommune Kommenter på direktesendinga eller i arrangementet som er oppretta.De kan sende inn spørsmåla/innspela allereie no, eller under møtet. Dei vil så bli presentert for møtedeltakarane som svarer på dei under møtet.Alle spørsmål, uavhengig av kanal, vil bli lagt fram som eit høyringsinnspel for kommunestyret.På samlesida for budsjettet 2022 kan de lese budsjettdokumentet og anna nyttig om budsjettet og handlingsprogrammet.Til stades på møtet vil kommunedirektør, kommunalsjefar, økonomileiar og kommunikasjonsansvarleg vere. Du kan sende innspel til budsjettet utanom folkemøtet også. Framlegget som blir vedteke av formannskapet blir sendt ut på høyring i to veker før kommunestyret vedtek budsjettet. Du kan sende inn høyringsinnspel heilt fram til og med 8. desember: postmottak@hareid.kommune.no Publisert av Erlend Friestad Sist endra 23.11.2021 18:13