TV-aksjonen
Familiehusa vil gjere at
- familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset.
- barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien hos seg i behandlingsperioden.
- foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre.
- søsken blir inkluderte, sette og ivaretekne.
- familiar kan finne ro og få leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.
Kvar krone på bøssa gir 11 kroner tilbake
Kvar krone investert i familiehusa er venta å gi 11 kroner tilbake til samfunnet, viser ein ny rapport frå Menon. Familiehus vil frigjere sengeplassar på sjukehusa og ikkje minst bidra til at søsken får vere saman med familien når eit barn blir sjukt. Slik førebyggjer vi utanforskap og traumer hos søsken.
Saman for små heltar
Annakvar dag får eit barn i Noreg kreft, og kvar veke blir 10 barn fødde med hjartefeil. Når eit barn blir alvorleg sjukt, blir heile familien ramma. Ofte må barnet reise langt for å få livsviktig behandling, og familien blir splitta i lange periodar.
I familiehusa kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet er under behandling. Slik blir søsken også ivaretekne, og familien kan skape gode stunder i ei vond tid.
Familien får moglegheit til å skape eit heim heimanfrå. Dei kan støtte kvarandre gjennom livets vondaste periode og få etterlengta pausar frå sjukehusets alvorstunge korridorar.
Les meir om TV-aksjonen 2024 her.