Skilting langs kommunal veg

Skilting langs kommunal veg

Privat skilting

Av omsyn til trafikktryggleiken er private skilt som utgangspunkt ikkje tillaten langs offentleg veg, og er derfor søknadspliktige.

Søknad må sendast til kommunen på postmottak@hareid.kommune.no , og innehalde informasjon om:

  • Kven som søkar
  • Situasjonplan i målestokk 1:500 med nøyaktig plassering av skilt
  • Innhald og utforming av skiltet
  • Kor lenge skiltet skal stå (midlertidig eller permanent)

Søknaden om oppsetting av privat skilt blir vurderte i forhold til trafikkfare, til dømes om skiltet hindrar fri sikt eller medfører distraksjonsfare på den staden det blir ønskt plassert.

Lovgrunnlag: Sjå veglova §§ 33 og 57, vegtrafikklova § 5 og plan-og bygningslova § 30-3.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Generelt om «Barn leikar»-skilt langs kommunal veg
«Barn leikar»-skilt vert brukt langs nokre private veger, men disse skilta er ikkje heimla i skiltforskrifta og settast difor i utgangspunktet ikkje opp langs offentleg veg. Bakgrunnen er at ein ikkje ynsker å signalisere at vegarealet skal brukas som leikeplass. Statens vegvesen syner også til at slik skilting har liten påviseleg effekt, og kan være med å gi barn/foreldre ein falsk tryggleik.