Alkovett, friluftsliv, skjenketider – dette er nokre av sakene som skal opp i formannskapet 11. mai

Les samandrag av dei viktigaste sakene her.

Kaldholen - bilete teke frå elva mot demninga. Trea har fått flotte lysegrøne blader, men det har kome eit lett snødryss på bakken. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

11. mai 2026 klokka 12.00 skal formannskapet møtast. Møtet er som vanleg ope for publikum. Du kan sjå sendinga av møtet direkte eller i opptak, her på nettsida eller på Facebook.


Her kan du lese alle sakspapira.

 

Under følgjer eit samandrag av dei viktigaste sakene.

 

Rekneskap og årsmelding 2025

Formannskapet skal behandle rekneskap og årsmelding for Hareid kommune for 2025. Rekneskapen viser eit meirforbruk i 2025 på nesten 10 millionar, som er framført til dekning seinare år. Samla meirforbruk til inndekning for åra 2023, 2024 og 2025 er på om lag 116 millionar kroner. Dette er pengar Hareid kommune må betale tilbake.

Årsmeldinga gir ei samla framstilling av drifta i kommunen gjennom året, med oversikt over politisk og administrativ organisering, sjukefråvær, internkontroll og rapportering frå einingar og sektorar. Dokumenta inneheld også balanse, notar og revisjonsmelding.

Formannskapet behandlar saka før ho går vidare til kommunestyret, som gjer endeleg vedtak om godkjenning av rekneskap og årsmelding.

Her kan du lese heile årsmeldinga.

 

Årsrapport for startlån og bustadtilskot 2025

Formannskapet får lagt fram årsrapport for arbeidet med startlån og bustadtilskot i 2025. Rapporten gir oversikt over forvaltning, saksbehandling og utviklingstrekk, og viser at saksflyten er betra samanlikna med tidlegare år.

I saka blir det også foreslått ei justering av dei kommunale retningslinjene. Endringa går ut på å innføre krav om butid i kommunen på minst eitt år som hovudregel ved tildeling av startlån og bustadtilskot, samstundes som det skal vere rom for konkrete og individuelle unntak.

Bakgrunnen for forslaget er ønskje om meir målretta ressursbruk og betre prioritering av søkjarar med tilknyting til kommunen. Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak i saka.

 

Revidert kulturmiljøplan 2026–2030

Formannskapet skal ta stilling til revidert kulturmiljøplan for Hareid kommune for perioden 2026–2030. Planen byggjer på kulturminneplanen frå 2016, men er oppdatert i tråd med nasjonale føringar og nye bevaringsstrategiar.

Revisjonen legg større vekt på heilskaplege kulturmiljø og samanhengar, framfor enkeltståande kulturminne. Alle faste kulturminne og kulturmiljø er no registrerte i nasjonale register, og planen nyttar digitale kartløysingar som gir betre oversikt og enklare bruk i forvaltninga.

Planen er meint å vere eit praktisk verktøy i kommunal planlegging og saksbehandling. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka.

 

Hareid kommune som Av-og-til-kommune

Formannskapet skal vurdere om Hareid kommune skal slutte seg til ordninga Av-og-til Lokalt og bli ein Av-og-til-kommune. Ordninga er eit nasjonalt samarbeid som skal styrkje kommunane sitt arbeid med alkoholførebygging og folkehelse.

Deltaking gir kommunen tilgang til ferdig utvikla kampanjar, kommunikasjonsmateriell og fagleg støtte, utan direkte økonomiske kostnader. Arbeidet er kunnskapsbasert og lagt opp på ein ikkje-moraliserande måte, med vekt på ansvarleg alkoholbruk i ulike kvardags- og risikosituasjonar.

Ordninga er tenkt som eit supplement til kommunen sitt eksisterande folkehelse- og SLT-arbeid. Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak.

 

Plan for friluftslivets ferdselsårer

Formannskapet skal behandle ein felles temaplan for Hareid og Ulstein kommunar som gir oversikt over stiar, løyper og andre ferdselsårer for friluftsliv. Planen er ikkje juridisk bindande og har ingen direkte økonomiske konsekvensar.

Planarbeidet har hatt brei medverknad frå innbyggarar, frivillige lag, skular, barnehagar og offentlege styresmakter. Målet er å leggje betre til rette for kvardagsturar, auka fysisk aktivitet og ei meir berekraftig utvikling av friluftslivstilbodet.

Planen skal vere eit kunnskapsgrunnlag for vidare prioriteringar og kan på sikt bli følgt opp gjennom andre planar og politiske vedtak. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka.

 

Mellombels endring av skjenketider under fotball-VM

Formannskapet skal ta stilling til om Hareid kommune skal innføre ei mellombels ordning for skjenketider under fotball-VM for menn sommaren 2026. Tidsforskjellen gjer at fleire kampar blir spelt nattestid norsk tid.

Det er foreslått ei avgrensa ordning der skjenketida for øl og vin kan utvidast til eitt kvarter etter at nattas siste kamp er ferdigspelt, på dagar det blir vist direktesende kampar. Utvidinga er avgrensa til innandørs skjenking og gjeld berre skjenkestadar som søkjer særskilt.

Ordninga er mellombels og gjeld berre under meisterskapen. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka.