Anleggsarbeid i K.L.-vegen kan stenge kryss

Måndag 10. juni startar vi med å separere avløpsleidninga i K.L. Vegen.

Kartutsnitt KL-vegen - Klikk for stort bilete

Det kan difor vere naudsynt å stenge krysset i Soffibakken eit par dagar. Men i utgangspunktet er målet å ha eit køyrefelt opent til ei kvar tid. 

Gjerder er markert med raudt. Anleggsområdet markert med gult.

Prosjektet vil vare i 3-4 veker.

Dersom det blir endringar, vil i oppdatere dykk. Bebuarar som er direkte råka vil få varsling via tekstmelding og e-post.