Informasjon om komande arrangement finn du alltid på biblioteket si heimeside.
Her er i kort oversikt over arrangementa i mars:
18. mars, kl. 19 - “Verda treng oss” ved Magne og Åge Grimstad
arrangør
Tvillingane Magne og Åge Grimstad vil framføre til si spesielle førestilling «Verda treng oss – ei førestilling om kreft og livslyst».
Førestillinga kombinerer humor, personlege historier og djupe refleksjonar over livet med kreft.
Det vert fleire musikkinnslag under førestillinga og Magne og Åge har med seg musikarane Peter Demirov, piano, Kristian V. Steinsvik, bass, Judit Grimstad, song, i tillegg til at dei sjølve trakterer gitar og perkusjon.
Tvillingane har satt eit hårete mål om å samle inn ikkje mindre enn 1,2 millionar kroner til å støtte kreftforskinga og hjelp til kreftpasientar.
22. mars, kl. 14 - «Askeladden og de gode hjelperne». Teater for born ved Askeladden friteater
arrangør
Denne laurdagen vert det teater for born ved teatergruppa Askeladden friteater.
Arrangementet varar ca. 35-40 minutt og passar for alle frå ca. 3 år.
Høgtlesinga kl. 12 går ut denne laurdagen.
25. mars, kl. 19 - Forfattarmøte med Maria Lavik om boka «Odelsskam»
arrangør
Korleis er det å gje slepp på ein gard etter mange generasjonar?
Kva skjer om alle gardar ligg aude?
Her vert det fortalt og reflektert over viktige og aktuelle tema og biblioteket er ute etter personar som vil sitte i panel eller på andre måtar bidra med lokale tankar rundt dette temaet.
Maria Lavik si bok «Odelsskam» var nominert til Kritikarprisen for beste sakprosa i 2024.
27. mars, kl. 18 - “Padling på Sunnmøre” ved Den Norske Turistforening, Sunnmøre
DNT
2025 er friluftslivets år — og i den anledning inviterer DNT Sunnmøre og Sunnmøre Friluftsråd til foredraget «Padling på Sunnmøre» ved turleder Sindre Slettestøl.
Det er mange flotte stadar å padle her på Sunnmøre og Sindre Slettestøl vil i dette arrangementet dele nokon av dei. Sindre er aktiv padlar både i DNT Sunnmøre og Herøy Kajakklubb og har utforska Sunnmøre fra kajakken.
Kvar laurdag, kl. 12 – Høgtlesing for born
Hareid folkebibliotek
Frivillige les for barn i førskulealder eller tidleg barneskule, men alle som vil høyre ei god historie er hjarteleg velkomne.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Hareid mållag og Hareid folkebibliotek.