Barndommen inspirerte til bileteserie

Kunstnar Rudolf Overå har gitt Hareid kommune 34 bilete som viser slaget ved Hjørungavåg. I denne artikkelen kan du bli litt kjend med han.

Rudolf Overå foran det store veggmaleriet over slaget ved Hjørungavåg. Bileta du kan sjå på rådhuset er eit forstudium til dette maleriet. - Klikk for stort bileteRudolf Overå foran det store veggmaleriet over slaget ved Hjørungavåg. Bileta du kan sjå på rådhuset er eit forstudium til dette maleriet. Privat
Rudolf Overå i arbeid på verkstaden sin. - Klikk for stort bileteRudolf Overå i arbeid på verkstaden sin. Privat

Bilda var ein forstudie til det store veggbildet han har malt og som heng på klubbhuset Jomsvoll. Bildeserien blir vist frå på ei utstilling på rådhuset 12-13.august. Utstillinga er gratis.

Det er ei fantastisk gåve Hareid kommune får gjennom denne bildeserien. Rudolf Overå fortel at bakgrunnen for at han vil gi denne gåva er at han synest bilda høyrer heime her. Han synest det er fint å vite at bilda blir her i bygda som han alltid har hatt sitt hjarte og har mange gode minner frå.

Vi har tatt ein prat med Rudolf og han fortel at han hadde ein god oppvekst i Hjørungavåg. Han hadde gode kameratar og dei leika ofte at dei var vikingar, inspirert av det dei hadde høyrt om slaget ved Hjørungavåg.

Rudolf, som no er 90 år, vaks opp på Hjørungavåg, men har budd i Sverige i mange år saman med sambuaren sin Gun-Britt Sjøblom. Han har to barn, Christina som bor i Malmø og Anders som bor i Kalmar. Gun-Britt har også to barn, og dei har til saman mange barnebarn og oldebarn.

Rudolf og Gun-Britt er aktive pensjonistar som likar å sykle og gå tur. Dei har stor interesse for hagearbeid, kunst og ikkje minst dans. Dei er medlem i to danseforeiningar der dei trenar to gongar i veka. I år har dei vore med på 10 danseoppvisningar.

Kunst har vore ein viktig del av livet til Rudolf og han har hatt mange utstillingar både i Norge, Sverige, Alaska og på Svalbard.

På spørsmål om kva som motiverte han til å gå i gang med dette store prosjektet fortel han at han las mykje om slaget ved Hjørungavåg og sidan han har vore kunstinteressert sidan barnsbein, vaks det fram ein ide om å male historia. Han brukte 3 år på å male dei 34 bilda i serien og det store veggbildet. Då han skulle male det 19 kvadratmeter store veggbildet rydda han vekk alle møblane i eit rom i huset sitt, og spente opp duken i golvlistene!