Beredskapsspørsmålet mange i Hareid stiller: Kvar er tilfluktsromma?

Då Saniteten og Lions gjekk frå dør til dør med beredskapsinformasjon i Hareid i oktober, var det eitt spørsmål som gjekk igjen: Kvar er tilfluktsromma våre? Svaret er litt meir samansett enn du kanskje skulle tru.

stolpe med gult TILFLUKTSROM-skilt - Klikk for stort bileteDette skiltet viser inn til eitt av dei tre offentlege tilfluktromma i Hareid kommune Erlend Friestad

Det finst fleire tilfluktsrom i Hareid kommune. Men dei fleste er private tilfluktsrom, og er dermed ikkje rom du skal oppsøkje dersom noko skjer, uavhengig av om du brukar bygget eller eigedomen.

Skiljet mellom offentlege og private tilfluktsrom er viktig. Offentlege tilfluktsrom er for alle som oppheld seg i området, til dømes på gata utanfor. Private tilfluktsrom er derimot laga for menneska som brukar bygget eller eigedomen, til dømes elevane og tilsette på ein skule, tilsette i eit kontorbygg eller tilsette og pasientar på sjukeheimen. 

LES OGSÅ: Slik får du informasjon under ei krise

Du treng ikkje leite etter tilfluktsrom no

Det kanskje viktigaste svaret er likevel dette: Du treng ikkje no å planleggje korleis du raskast mogleg skal kome deg til eit tilfluktsrom.

Tilfluktsrom er først og fremst bygde for å beskytte befolkninga mot skadar ved krigshandlingar. Dersom vi kjem i ein situasjon der det kan bli nødvendig å søkje dekning i tilfluktsrom, vil styresmaktene varsle om det. 

Kva som er rett stad å vere i ei krise, kjem dessutan heilt an på kva som har skjedd. DSB peikar på at det i mange situasjonar vil vere tryggast at du held deg der du er. 

Ved fare for krigshandlingar kan det til dømes vere tryggare at du søkjer dekning med ein gong, enn at du går ut for å finne eit tilfluktsrom. Dersom det ikkje finst tilfluktsrom i nærleiken, er rådet at du går ned i kjellaren dersom det er mogleg. Elles bør du trekkje inn i bygget, halde deg unna vindauge og finne ein stad der konstruksjonen er solid, til dømes eit trappeløp eller eit rom midt i bygget. 

I Hareid kommune har vi tre tilfluktsrom som alle kan bruke (offentlege). Til saman har desse under 200 plassar, og vil derfor bli fylt opp ganske raskt. Du kan sjå plasseringa av dei offentlege tilfluktsromma i kartet til Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap (DSB).

 

Heimen er ein viktig del av beredskapen

Tilfluktsrom er berre eitt av mange tiltak for å verne befolkninga. For dei fleste kriser er det heilt andre tiltak som er viktigare.

I mange situasjonar er det tryggaste nettopp at du held deg heime. Har du følgt råda om eigenberedskap, har du betre føresetnader for å klare deg sjølv dersom til dømes straum, mobilnett, internett eller andre viktige tenester blir borte. 

Det er derfor framleis dei vanlege råda om eigenberedskap som er mest relevante for deg i kvardagen. Desse er jo også relevante i

Men det er også lurt å tenkje gjennom kvar du kan dra dersom du faktisk må forlate heimen. DSB rår mellom anna til å ha ein plan for kvar du kan reise, til dømes til familie, vener eller ei hytte, og korleis du skal kome deg dit. Må du dra på kort varsel, bør du mellom anna få med varme klede eller teppe, mobiltelefon, bankkort og kontantar, mat og drikke, legitimasjon, medisinar og nødvendige hjelpemiddel.

LES OGSÅ: Dette bør du ha heime

 

Reglane om tilfluktsstader er i endring

Samtidig er det på gang endringar i korleis Noreg skal planleggje vern av sivilbefolkninga i krig.

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt forslag til ny forskrift om tilfluktsstader på høyring. Forslaget legg opp til ei meir målretta planlegging, der særlege krav skal rettast mot kommunar der befolkninga blir vurdert som spesielt utsett for konsekvensane av krigshandlingar. Sivilforsvaret er foreslått gitt mynde til å peike ut desse kommunane. 

Slik Hareid kommune vurderer høyringsforslaget, er det lite sannsynleg at Hareid blir definert som ein av dei særleg utsette kommunane. Forslaget peikar særleg mot større byar og område med mykje kritisk infrastruktur, strategisk plassering eller nærleik til militære anlegg. Men det er førebels ikkje grunnlag for å slå fast sikkert kva kommunar som vil bli omfatta.

Hareid kommune støtta hovudgrepet i forslaget då høyringssvaret blei sendt inn. Kommunen peika samtidig på at kommunane må få høve til å uttale seg om lokale forhold dersom Sivilforsvaret skal kunne peike ut ein kommune som særleg utsett. Høyringsuttalen blei samrøystes vedteken av formannskapet i sak 92/26. 

I forslaget legg også opp til at tilfluktsstad treng heller ikkje nødvendigvis betyr eit tradisjonelt tilfluktsrom. Forslaget opnar for at andre eigna lokale og anlegg kan inngå i vernet av befolkninga.

 

Så kva skal du gjere?

Det korte svaret er: Ikkje legg ein plan som går ut på at du nødvendigvis skal kome deg til eit bestemt tilfluktsrom.

Kva som er tryggast, vil avhenge av hendinga. Dersom styresmaktene ber folk søkje dekning, skal du følgje informasjonen og råda som blir gitt. Er det akutt fare og ikkje eit tilfluktsrom i nærleiken, kan kjellaren eller ein skjerma del av bygget du allereie er i vere det tryggaste alternativet. 

Og før noko skjer, er det framleis god eigenberedskap heime som er noko av det viktigaste du sjølv kan ordne.

Les meir: