Biblioteket råka av dataangrep

Hareid folkebibliotek har framleis ope, men må gjere alle utlån manuelt.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Om lag halvparten av biblioteka i landet er råka av dataangrep. Hackarane har låst alle dataene og krev løysepengar for å gi tilgang.

Det er firmaet Axiell Norge AS som har hatt innbrot. Desse leverer datatenester til bibliotek i Noreg, Sverige og Finland. Det kjem ikkje på tale å betale løysepengar, meldar administrerande direktør i Axiell Norge til Romsdal Budstikke via Sunnmørsposten.

Hareid folkebibliotek er eit av biblioteka som er råka. Det betyr at utlånssystemet er nede, slik at alle utlån må registrerast manuelt.

Ingen persondata er på avvege og selskapet har kopiar av alle system.