Biljardbord og Playstation til ungdomsklubben

Støtte frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal og Sparebanken Møre har gitt nytt utstyr til ungdomsklubben.

Benjamin (f.v.), Pravin, Sigurd og Nikolas gler seg til koronarestriksjonane lettar slik at dei kan bruke ungdomsklubben igjen. Christine Riise Øvrelid  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.


Frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal har ungdomsklubben fått over 8000 kroner til kjøp av Playstation, med ustyr og spel. Dei har også fått nye 8000 kroner som dei skal bruke på portabelt lydanlegg og mikrofonar.

Sparebanken Møre har gitt Teftmidlar som ungdomsklubben har brukt til biljardbord. Det fekk dei god hjelp til å montere frå Herøy biljardklubb.

Tusen takk for støtte og hjelp!

No gler ungdommane seg til at koronarestriksjonane kan letta, slik at klubben kan opnast igjen.

Herøy biljardklubb har hjelpt til med å montere biljardbordet som ungdomsklubben har fått. Christine Riise Øvrelid