Bli med ordføraren på tur på Rotarystien!

Ordførar-turen i Stikk Ut-kalenderen går i denne gongen til Rotary-stien.

Bernt Brandal klippa inn på eit bilete av Rotary-stien. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

26. mai klokka 14 inviterer ordførar Bernt Brandal med seg alle som har lyst til å gå Stikk Ut-tur saman med han. Rotarystien er ein flott lågterskel-tur i nydeleg naturlandskap. Den er svært populær og er eit viktig folkehelsetiltak i kommunen vår.

Vi startar ved parkeringsplassen i Kaldholen og går til den store gapahuken på vestsida av Grimstadvatnet. Her vil Sverre Jarl Ulstein frå Hareid Rotary fortelje litt om historia og arbeidet bak Rotarystien.

Det blir også servert kaker og kaffi av Aud Grimstad og Arnhild Vartdal Teigene som til vanleg driftar Naturmøteplass her kvar tysdag i sommarhalvåret.

Vel møtt!

Her kan de lese meir om turen: https://morotur.no/tur/Rotarystien

NB: Dersom det passar betre å gå frå andre enden så er det sjølvsagt også heilt lov å kome denne vegen og møte oss ved gapahuken.