Bli med på folkemøte om beredskap – vinn 3000 kroner

Det er mykje som kan gå gale i Hareid kommune – som alle andre stadar. Heldigvis skjer det nesten aldri. Likevel: Vi må bu oss, og med relativt enkle grep kan vi gjere krisene meir overkomelege.

Matvarer som kan vere lurt å ha i eigenberedskapslageret - Klikk for stort bilete Simen Prestaasen/DSB

Veke 44 er den årlege eigenberedskapsveka der beredskapsaktørar over heile landet løfter fram kor viktig det er at den enkelte innbyggar også tenker på beredskap.

Hareid kommune inviterer derfor til folkemøte torsdag 31. oktober klokka 18 i Hareid folkebibliotek.

Her vil du får presentert hovudfunna i ein heilt ny analyse der vi har sett på kva som kan gå galt i Hareid kommune. Målet er å sjå kva vi kan gjere for å hindre krisene eller reduserer konsekvensane av dei.

Du vil også få presentert dei nye eigenberedskapsråda som blei lansert tidlegare i år. Kva bør du ha heime for å takle dei krisene som kan kome vår veg?

Vi har fått sponsa eit eigenberedskapslager for fire personar av Biltema Ulsteinvik og Coop Extra Hareid med ein samla verdi på over 3000 kroner. Alle som deltek på folkemøtet er med i trekninga av dette lageret.

På møtet vil også representantar frå dei ulike beredskapsaktørane vere til stades. Det vil bli høve til å stille spørsmål.

Vil du lese meir om god eigenberedskap allereie no, kan du gå til nettsida sikkerhverdag.no frå Direktoratet for samfunsstryggleik og beredskap.