Ordførar Bernt Brandal fekk seg ein skikkeleg bamseklem då Brannbamsen Bjørnis kom for å helse på.
Erlend Friestad
Ordførar Bernt Brandal fekk seg ein skikkeleg bamseklem då Brannbamsen Bjørnis kom for å helse på.
Erlend Friestad
Endå viktigare enn ordførarbesøket, var turneen Bjørnis tok etterpå. Då besøkte han alle barnehagane i kommunen.
For det er fyrst og fremst ungane på Hareidlandet Bjørnis rettar seg mot. Han er nemleg frontfiguren til brannvesenet i brannvernopplæringa retta mot barn. Her jobbar brannvesenet tett med barnehagane.
Bjørnis vil også bli nytta når brannvesenet møter barn i samband med brannar og andre ulukker.
Bjørnisprosjektet starta som et lokalt initiativ i Trøndelag, men han jobbar no med barn i hele landet som målgruppe. Bjørnis er kjend frå NRK-serien med same namn. Det er også gitt ut fleire bøker om han.
Brannkonstablane Siw Lien og Remi Kvalsvik var dei som tok Bjørnis med på rundtur i kommunen.
Erlend Friestad