Brannøving på sjukeheimen måndag 28. oktober

Det vil bli røyk, brannbilar og blålys ved sjukeheimen når mannskapa ved Hareid brannstasjon skal ha øving på sjukeheimen.

Bilete frå ein tidlegare brannøving på sjukeheimen. Erlend Friestad

Mannskapa skal øve på å søke etter og redde personar frå røykfullt lokale.

Dei vil bruke rom som er tomme eller ikkje er i bruk på ettermiddag/kveld. 

Bebuarar, brukarar og tilsette vil derfor merke lite til øvinga. Alle vil bli informerte om øvinga på førehand.

Tidspunkt for øvinga er måndag 28. oktober frå klokka 17-20.