Branntilløp på kjøkenet på sjukeheimen

Brannen blei sløkt av tilsette før brannvesenet kom til staden.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dei tilsette reagerte raskt og følgde prosedyrane då det begynte å brenne på kjøkenet på sjukeheimen. Både brannvesen, politi og ambulanse kom raskt til staden, men brannen var allereie sløkt då brannvesenet kom.

Nokre av de tilsette fekk i seg litt røyk, men dei er undersøkt av helsepersonell og alt er fint.

Branntilløpet vil ikkje påverke mattilbodet til bebuarar eller andre som får mat frå kjøkenet på sjukeheimen.