Her kan du lese fleire saker om budsjettet:
SFO – kortare opningstid og feriestengd
Eit viktig kuttforslag er å stramme inn opningstidene på SFO. I dag har SFO ope frå 07-1630. Kommunedirektøren føreslår å redusere opningstiden til 0730-1530.
I tillegg ligg det inne forslag om å ikkje ha ferieope SFO.
Totalt vil Hareid kommune kunne spare 2,5 millionar kroner på dette tiltaket.
I tillegg til ei økonomisk innsparing, vil kuttet føre til fleire vaksne til stades i kjernetida, noko som er bra for borna.
Men, det vil ha nokre konsekvensar. Foreldra vil berre kunne bruke SFO i skuleåret, altså 38 veker. Dette kan gjere det vanskeleg for foreldra å få kvardagen til å gå opp i skuleferiane.
Nokre born med store hjelpebehov og deira foreldre vil bli spesielt påverka av denne endringa. Dei vil måtte søkje om avlastning gjennom sektor for velferd om dei har behov for det.
Når det gjeld dei tilsette og helse, miljø og sikkerheit (HMS), ser vi ingen negative konsekvensar. Tvert imot, med fleire vaksne til stades i kjernetida, vil det bli betre organisering og arbeidsdagar for dei tilsette. Dette er positivt for arbeidsmiljøet og kan redusere sjukefråværet i ei tid det er vanskeleg å skaffe vikarar.
Skyve ungdomsskule
Sjølv om ny eller renovert ungdomsskule ligg inne i økonomiplanen, vil det kunne bli oppfatta som eit kutt at bygginga av skulen er skyvd nokre år. Planlagt oppstart for bygging av ungdomsskule er sett til 2026.
Skyve leikeplass Hjørungavåg
Det same gjeld ny leikeplass på Hjørungavåg skule. Prosjektet er flytta til 2025. Då er det sett av 2,4 millionar kroner til oppgraderinga av uteområdet og belysning.
Kutt i fastløn
Det ligg inne eit kutt i fastløn på ei lang rekke einingar:
Eining | Brutto løn | Inkludert sosiale kostnadar |
---|
Bigset skule | 600 000 | 810 000 |
Hareid skule | 1 200 000 | 1 620 000 |
Hjørungavåg skule | 600 000 | 810 000 |
Hareid ungdomsskule | 1 200 000 | 1 620 000 |
Musikk- og kulturskulen | 300 000 | 405 000 |
Ressurssenteret | 1 200 000 | 1 620 000 |
Totalt for sektor for læring- og kultur | 5 100 000 | 6 885 000 |
| | |
Bueining | 550 000 | 742 500 |
Korttidseining | 550 000 | 742 500 |
Heimesjukepleie | 550 000 | 742 500 |
Bu- og habilitering | 1 650 000 | 2 227 500 |
Totalt for sektor for velferd | 3 300 000 | 4 455 000 |
| | |
Næring | 600 000 | 810 000 |
Totalt for sektor for samfunnsutvikling | 600 000 | 810 000 |