Erlend Friestad
Allereie 13. juni 2026 kjem det første cruisefartøyet til Hareid. Det er skipet Artania som opnar cruisehistoria i kommunen. For 2027 ligg det no føre fem planlagde anløp, og interessa frå cruisenæringa held fram med å auke.
Langsiktig arbeid gir utteljing
Cruisesatsinga i Hareid har vore retta mot å bygge relasjonar, synleggjere kommunen som reisemål og legge til rette for gode opplevingar for både gjester og lokale aktørar. At kommunen no får bestillingar fleire år fram i tid, blir sett på som eit viktig teikn på at Hareid er i ferd med å etablere seg i cruise-marknaden.
– Det er alltid ei glede når målretta arbeid fører fram. Vi har lagt eit godt grunnlag, og er optimistar for fleire bestillingar i åra som kjem, seier hamnesjef Johannes Alme.
LES OGSÅ: No gler vi oss til 13.juni og første cruiseanløpet til Hareid!
Gir moglegheiter for lokalt næringsliv
Cruiseanløpa gir ikkje berre besøkande til kommunen, men også moglegheiter for verdiskaping lokalt. Reiselivsaktørar, butikkar, serveringsstader og andre verksemder som satsar på turisme, kan få auka aktivitet når cruiseskipa kjem til Hareid.