De sette ny TV-aksjonsrekord!

Aldri før har innbyggarane i Hareid kommune gitt så mykje til TV-aksjonen.

Søyeldiagram som viser årets resultat samanlikna med åra 2020-2023 - Klikk for stort bilete Skjermdump TV-aksjonen

Per no har det kome inn 454 453 kroner. Det er nesten 30.000 meir enn førre rekordår som var 2022.

Inntektene frå TV-aksjonen går til Barnekreftforeningen som vil bygge familiehus ved dei store sjukehusa. Då kan familiane vere samla når barn treng behandling for alvorleg sjukdom.

454 453 er heller ikkje sluttresultatet, då det framleis er mogleg å gi. Du kan vipsse til 2133 ut oktober og heile november også.

Du kan følgje med på resultatet her.

Ein annan nyheit, er rekord er rekorden i bøsseinnsamling. I løpet av dei to timane bøsseberarane var ute søndag, blei det putta heile 85 628 kroner på bøssene.

Mange innbyggarar og organisasjonar lagde også digitale bøsser som dei samla inn gjennom.

Takk!

Det er mange som skal takkast:

Tusen takk til alle som gav, anten i bøsse, via Vipps eller anna måte!

Takk til skulane og elevane i Hareid-skulane som samla inn 176 000 kroner, mellom anna med joggedag!

Sist, men ikkje minst: Takk til alle som var med å gjekk med bøsse! De er ein av bærebjelkane i TV-aksjonen.