Det spirer i dugnadsbedet - Hareid kommune

Det spirer i dugnadsbedet

Fredag 24. april gjorde ungdomsskuleelevane som har valfaget «innsats for andre» ein fantastisk innsats for fellesskapet då dei tok turen til sjukeheimen og hadde dugnad på uteområdet.

Tre personar som raker ut lauv frå under ein blå benk - Klikk for stort bilete Sissel Anita Riise Elevane som sit og kvilar utanfor sjukeheimen - Klikk for stort bilete Sissel Anita Riise To jenter som rakar lauv og har i svarte søppelsekkar - Klikk for stort bilete Sissel Anita Riise

Med godt humør og stor arbeidsvilje raka dei lauv, grov fram attgrodde bed, fjerna gamle greiner og bidrog til å gjere uteområdet triveleg og innbydande.

Det er verkeleg kjekt å sjå at ungdom ønskjer å bidra og skape eit fint miljø for både bebuarar, tilsette og besøkande. Slike initiativ betyr mykje – både for dei som bur på sjukeheimen og for fellesskapet vårt som heilskap. Tusen takk for den flotte jobben de har gjort!

Det står framleis att litt arbeid, og kommunalsjef Ottar Røyset vil ta på seg arbeidsklede onsdag 29. april kl. 17:30 for å prøve å fullføre det som står igjen. Alle som har lyst til å vere med er hjarteleg velkomne! Her blir det høve til å rake lauv, koste sand, reinske bed – og har du nokre uteblomar eller liknande du vil bidra med, er det ekstra kjærkome.

Ta deg gjerne ein tur – og ta med litt utstyr om du har. Saman kan vi gjere uteområdet endå finare!