Dette bestemte kommunestyret om ungdomskulen

Kommunestyret vil at administrasjonen skal greie ut både heilt ny skule og rehabilitering av noverande skule.

Dronebilete av Hareid ungdomsskule teke mot sør. Idrettsanlegga i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Saka stod på agendaen i kommunestyremøtet 21. mars 2024. Du kan sjå sendinga frå møtet her. 

Dagens ungdomsskule stettar ikkje krav til helse, miljø og pedagogikk. Prosessen med å finne ut korleis ein framtidig ungdomsskule skal vere er derfor starta. Administrasjonen har presentert fire ulike for vegen vidare:

 0.  Rehabilitere eksisterande bygg og leike utanfor skulen

1.  Bygge på skulen med nytt bygg ved sidan av

2.  Bygge på skulen med ny etasje

3.  Bygge heilt ny ungdomsskule

I alle alternativa der det blir lagt opp til å behalde eksisterande skulebygg (alt. 0,1 og 2), har vi lagt til grunn at det berre er fundamenta, beresystemet og det berande korrugerte stålplatetaket som vert å behalde. Ved alternativ 3, blir heile den eksisterande bygningsmassen fjerna.

Administrasjonen tilrår at dei folkevalde går for å greie ut dei to alternativa som skil seg mest: Rehabilitering eller nybygg.

Driftsmessig ser dei klare ulemper eller utfordringar med alternativ rehabilitering, men sidan det er meir investeringsmessig økonomisk gunstig enn dei andre alternativa, så bør vi greie ut dette alternativet vidare. Dersom vi i tillegg skal greie ut eitt av dei andre alternativa, så råd administrasjonen til at dette vert alternativ 3, nybygg. Det vil ha såpass mange fordelar med seg at sjølv om det har ein litt høgare investeringskostnad enn nybygg og tilbygg, så utgjer det så lite forskjell på livsløpskostnaden per år at nybygg verkar som ei gunstigare løysing.

Kommunestyret valde å gå for administrasjonen sitt forslag, med tillegget som kom frå formannskapet om å vurdere ny skule på ny stad – det vil seie marka ved turnhallen.

Du kan sjå debatten i saka frå 2 timar og 34 minutt ut i sendinga.

 

Vedtak: 

  1. Hareid kommunestyre vel å utgreie vidare desse tre alternativa for Hareid ungdomsskule:
    A) Alternativ 0, rehabilitering og framleis leige
    B) Alternativ 3, nybygg.
    C) Alternativ 3, nybygg på ny plassering på tomta på austsida av turnhallen.
     
  2. Hareid kommunestyre vel å utgreie vidare følgjande alternativ for symjebassenget og garderobane:
    A) Alternativ 1, renovering. 
    B) Andre alternativ for bruken og behova slik dei er i dag
    C) Alternativ 2, renovering av eksisterande garderobar og bygge ny symjehall med ny bassengkjellar. Nybygg av garderober i tilknytning til ny symjehall bør også greiast ut. 

 

Andre saker i møtet var mellom anna:

På sakskartet stod også den vanskelege kommuneøkonomien. Her orienterte konstituert kommunedirektør, Bent Arild Grytten. (Debatten startar  1 time og 20 minutt ute i sendinga).

Vedtak i saka:

  1. Kommunestyret tek orienteringa om forventa sluttresultat for 2023 til vitende.
  2. Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram ei sak om kva tiltak som er naudsynte for å gjenvinne kontroll og god styring av kommunen sin økonomi i åra som kjem.  Slik sak skal leggast fram for kommunestyret snarast og seinast i løpet av 1. halvår 2024.
  3. Kommunestyret har bedt om «Evaluering av rekneskapsprogram (Visma) og rapporteringsverktøy (Framsikt) - både sjølve kjøpet (prosess, kriterier, kompetanse) og funksjonalitet», jfr PS 113/23.  I påvente av at evalueringa skal sakshandsamast og handsamast politisk og som lekke i evalueringa, vert kommunedirektøren beden om å vurdere og eventuelt prøve ut, alternative verktøy for budsjettering og økonomirapportering.

 

Kommunestyret skulle også ta stilling til kor lenge Grytten skulle halde fram som konstituert (mellombels) kommunedirektør. (Debatten startar 3 timar og 9 minutt ute i sendinga)

Vedtak i saka:

Bent Arild Grytten vert konstituert i stillinga som kommunedirektør frå 22. mars 2024. 
Konstitueringa gjeld fram til ny kommunedirektør er tilsett, så sant ikkje anna vert vedteke i mellomtida. 

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.