Dette skaret har fått offisielt namn

Også to andre stadar har fått offisielle namn.

Engeskaret sett frå Åsefjellet. Erlend Friestad

Her kan du lese om bakgrunnen for namnesaka.

Kunngjering av vedtak i namnesak Engaskaret, Gjerdselva og Lisje-Buhammaren

Statens kartverk har 27.06.2024 gjort vedtak om skrivemåten av fem stadnamn i Hareid kommune. Vedtaket er gjort med heimel i paragraf 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Dei vedtekne stadnamna er som fylgjande:

  1. Engeskaret – gard, gnr. 66
  2. Engeskaret – bruk, bnr. 66/1
  3. Engeskarvika – vik i sjø
  4. Gjerdselva – bekk
  5. Lisje-Buhammaren – nes i sjø. På grensa mellom Hareid og Ulstein kommune.

Kommunen vedtek adressenamn og namn på tunnel med utgangspunkt i den vedtekne forma Engeskaret. I samansetningar blir skrivemåten Engeskar-, sjå tilrådinga frå Språkrådet.

Dokumenter

Vedtaksbrev (PDF, 3 MB)

Tilråding frå Språkrådet (PDF, 176 kB)


Klage

Dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn, kan etter § 12 i lov om stadnamn klage på vedtak. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tar klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort første gongen.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker, som er oppnemnd av Kulturdepartementet.