Dialogkonferanse i kommunestyret 16. april – innleiing ved Ola Honningdal Grytten - Hareid kommune

Dialogkonferanse i kommunestyret 16. april – innleiing ved Ola Honningdal Grytten

Kommunestyret i Hareid held dialogkonferanse torsdag 16. april 2026. Dialogkonferansen er ein del av kommunestyremøtet, og har som mål å skape ei felles situasjonsforståing mellom dei folkevalde og mellom politisk nivå og administrasjonen.

portrettbilete av Grytten lagt oppå eit utsiktsbilete over Hareid og Storfjorden - Klikk for stort bilete Erlend Friestad / Trondheim Havn

Innleiinga til konferansen blir halden av Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole (NHH). Grytten deltek digitalt og vil setje dei lokale utfordringane inn i ein større nasjonal og internasjonal samanheng.

 

Tid og stad

Møtet er ope for publikum. Alle som ønskjer det kan møte opp og følgje dialogkonferansen frå tilhøyrarplass, eller sjå sendinga digitalt.

Dialogkonferansen blir halden i kommunestyresalen torsdag 16. april klokka 18.00–21.00.

 

Felles forståing av utfordringsbiletet

Bakgrunnen for dialogkonferansen er utviklinga i kostnadsnivå og dei økonomiske og strukturelle utfordringane kommunen står overfor dei komande åra. Gjennom felles innleiingar og dialog ønskjer kommunen å leggje til rette for gode politiske diskusjonar og tydelege prioriteringar vidare i arbeidet.

I tillegg til kommunestyret deltek administrativ leiing, faste medlemmar i hovudutvala og tillitsvalde. Dialogkonferansen er likevel eit møte i kommunestyret, og er dermed ope for innbyggarane å følgje som observatørar.

 

Program med nasjonale og lokale perspektiv

Programmet tek utgangspunkt i utviklingstrekk internasjonalt og nasjonalt, før det blir sett søkjelys på situasjonen i Hareid kommune. Den digitale innleiinga ved Ola Honningdal Grytten gir eit overordna bilete av verdsøkonomi, nasjonal utvikling og økonomiske rammevilkår.

Vidare blir det innlegg om:

  • folkehelse i Hareid kommune
  • den økonomiske situasjonen per no
  • utviklinga sidan 2023 og utfordringar i åra framover

Ein sentral del av konferansen er gruppearbeid og felles refleksjonar kring spørsmålet: Korleis bør administrasjonen møte utfordringane i 2026 og i åra som kjem, og kva treng politikarane meir kunnskap om fram mot rammekonferansen?

 

Sending og opptak

Alle presentasjonane under dialogkonferansen blir strøyma direkte og gjort tilgjengelege i opptak. Lenke til sendinga blir publisert i denne artikkelen på møtedagen.

 

Vidare prosess

Dialogkonferansen er ein del av førebuinga til rammekonferansen i juni, der dei økonomiske rammene for kommunen blir drøfta nærare. Innspel og refleksjonar frå dialogkonferansen vil vere viktige i det vidare arbeidet.