Drammensvegen stengd og mange utan vatn

Brekkane bustadfelt skal knyte seg til vassforsyning i Drammensvegen den 14. november. 

Kartet viser husstandane som vil miste vatnet torsdag 14. november 2024. Det gjeld Nobba, Drammensvegen, delar av Brekkane, Kjøpmannsgata og Teigevegen. Husstandane som blir råka vil bli varsla via tekstmelding. kartutsnitt Drammensvegen vil bli stengd for gjennomkøyring like ovanfor gangfeltet ved skulen. kartutsnitt

Det betyr at Drammensvegen vil vere stengd for gjennomkøyring denne dagen. Samstundes vil mange i nærområdet miste vatnet

 

  • Vegen vert stengd ovanfor gangfeltet ved skulen frå klokka 0900 og utover.
  • Vassnettet i området vert stengd frå klokka 18.00. Vatnet vil sannsynlegvis vere borte store delar av natta, men seinast tilbake klokka 06.00 morgonen etter.

 

Vi ber foreldre som skal hente på skulen om å nytte parkeringsplassen ved sjukeheimen slik at det ikkje blir kø og kaos i Drammensvegen. Skulene vil informere i sine kanalar.

Bustadar som mistar vatnet under arbeidet med vassnettet vil også få eigen SMS frå Hareid kommune.