Drar til Trondheim for å få folk til å bli med hit

Hareid kommune og Vekst i Hareid deltek på Bli med hit-messa i Trondheim denne veka.

sjå biletetekst - Klikk for stort bileteFØR AVREISE: Desse skal promotere Hareid på Bli med hit-messa i Trondheim. Frå venstre: Aina Giskeødegård Balsnes (leiar for næringsavdelinga), Bernt Brandal (ordførar) og Christine Erdal (prosjektleiar Vekst i Hareid) Erlend Friestad

Vi deler stand med fleire andre kommunar og næringsforeiningar i området for å gjere Sunnmøre synleg. Messa skal synleggjere alle dei spennande jobbmoglegheitene i fylket vårt og freiste folk til å flytte til regionen.

Hareid kommune er sjølvsagt med for å syne kor fint det er å bu og jobbe her, med kort avstand til alt. Representantar frå næringslivet i kommunen skal også vere med og syne fram moglegheitene i Hareid. Vi ser fram til å fortelje meir om dei flotte moglegheitene i kommunen vår!

Kjenner du nokon i Trondheim som du vil skal flytte hit? Tips dei om messa. 

Tid og stad er torsdag 21. november 2024 klokka 17-20 på Radisson Blu Royal Garden

Meir informasjon finn du her. 

Du kan også tipse eller dele Bli med hit-arrangementet på Facebook.