Ekstra oppfriskningsdose til dei mellom 65 og 74 år
Vaksinasjonsdag i Hareid er onsdag 7. september 2022. Det er framleis ledige timar.
Hareid kommune legg til rette for vaksinering av utvalde grupper.
shutterstock.com
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
I tråd med Folkehelseinstituttet si anbefaling om ny oppfriskningsdose med Covid-19 vaksine, har no tilbodet gått ut til personar mellom 65 og 74 år.
- Oppfriskningsdosen kan tilbys tidlegast 4 månedar etter siste vaksinedose.
- Tidsintervall frå tilfriskning etter gjennomgått koronainfeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker.
Har du ikkje fått ein SMS med tilbod om oppfriskningsdose?
Personar i aldersgruppa 65 år og eldre som ikkje har fått SMS, kan kontakte Hareid helsestasjon på tlf. 70 03 77 50. Telefonen er open kvardagar mellom kl 09:00-15:00.
Helsestasjonen har adresse Helsehuset, Kjøpmannsgata 16.
Her finn du meir informasjon om koronavaksinasjon i Hareid kommune.
Sist endra 30.08.2022 20:16