Endelig Stikk UT! i Hareid kommune

Hareid kommune vedtek i desember å melde seg inn i Sunnmøre friluftsråd. Innmeldinga betyr mellom anna at vi blir med i den populære Stikk UT! ordninga.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid kommune meldar seg inn frå 1. januar neste år.

Dei andre kommunane rundt oss er med i Sunnmøre friluftsråd, og som turgåar finn du mange fine Stikk UT-turar i distriktet - no blir også vi i Hareid kommune med på dette frå sommarsesongen. Arbeidet med tilrettelegging startar på nyåret.

Meir enn berre Stikk UT!

Sjølv om Stikk UT! truleg er det som er best kjend for folk flest, byr innmeldinga på fleire andre positive sider. Medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd vil legge til rette for styrking av folkehelsa i Hareid kommune. Friluftsrådet arbeider for å gjere friluftsliv meir tilgjengeleg for alle, mellom anna ved å vere ein pådrivar i friluftssaker og høyringsinstans i viktige saker for friluftslivet. Skular og barnehagar kan også ha nytte av medlemskapet der ein kan få nyttige kurs og opplæringstilbod.

Medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd kan også bidra til å styrke bevisstheita til kommune og innbyggjarar i miljøspørsmål. Friluftsrådet deltek i ei rekkje prosjekt knytt til
marin forsøpling. I 2020 rydda Friluftsrådet 73 kilometer med strandlinje, samla 23 tonn med søppel og engasjerte 900 deltakarar i ryddeaksjonar.

Her er målsettingane til Sunnmøre friluftsråd

  • Administrasjonen i friluftsrådet skal fungere som kompetansesenter for friluftsliv for deltakarkommunane og andre samarbeidspartar, vere ein pådrivar og ein høyringsinstans i viktige saker for friluftslivet.
  • Friluftsrådet skal legge til rette for fysisk aktivitet.
  • Friluftsrådet skal arbeide med sikring, tilrettelegging og drift av friluftsområde av ulike slag.
  • Gjennom Skjergardstenesta Møre og Romsdal skal friluftsrådet gjere sjøbaserte friluftslivsområde attraktive og tilgjengelege.
  • Friluftsrådet skal jobbe for ei reinare fjøre. 
  • Vi koordinerer, legg til rette for frivillig og profesjonelt arbeid mot marin forsøpling.