Endringsframlegg til budsjettet frå Folkelista, Fremskrittspartiet og Venstre

Folkelista for Hareid kommune, Fremskrittspartiet og Venstre har blitt einige om eit felles budsjettframlegg for 2024. 

Erlend Friestad

Framlegget frå dei tre partia må lesast i samanheng med kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett. Endringane som er føreslegne er endringar på kommunedirektøren sitt framlegg.

LES MEIR: Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett

Kommunestyret skal vedta endeleg budsjett i møtet 14. desember klokka 12.

****

Innleiing

Dette fellesframlegget må lesast i eit langsiktig perspektiv – også utover den fireårsperioden dette kommunestyret går inn i. Vi vil investere i omsorg, skule, byggefelt og oppgradert infrastruktur for næringsaktivitet, bygge- og bulyst.

Vi er stolte av kommunen vår, og vil først starte med å rette ei stor takk til alle tilsette, kommunedirektøren og hennar stab for eit innhaldsrikt år. 2023 har vore prega av ei enorm omstillingsevne i kommunen for å møte store utbyggingsprosjekt, næringsutvikling og ikkje minst den alvorlege sikkerheitssituasjonen i Europa som har nådd oss – og prega alle tenestene våre her på Hareid med full kraft.

Tilsette i kommunen skal vite at det prisverdige arbeidet dei gjer ute i tenestene for alle dei som no treng hjelp vert lagt merke til. Det tærer på ressursane og kreftene å heile tida ligge i høgt gir. Det kjenner alle på.
Men i fellesskap har vi kome oss gjennom eit hektisk år. Vi arbeidar for ei fantastisk kommune! Takksemda og smilet om andletet til dei vi støttar og hjelper gjev ny energi til å stå på for fellesskapet vårt vidare.

Innbyggarane møter kommunen ute i tenestene kvar morgon – nokre også om natta. Ein møter omsorg gjennom menneske.
Barn- og unge treng eit aktivt og godt oppvekstmiljø, og der kan vi ikkje spare oss til sosiale problem. Vi vil prøve å oppretthalde SFO-tilbodet, kulturtilbod, styrke ungdomsarbeid og tidleg innsats.     Vi vert ikkje arbeidsledige, men investerer for framtida til Hareid kommune. Vegpakkar til asfalt og oppgradering, grunnkjøp til nye leilegheiter, omsorgsbustader og tilrettelegging for bustadfelt er også inne i dette framlegget. Alle investeringar må betalast ned med pengar vi har til dagleg drift, men investeringar gjev også inntekt. Den beste måten å auke inntekta på er å få fleire innbyggarar. Vi vil ikkje basere meir av inntektene på å auke eigedomsskatten, men heller arbeide for at vi i framtida har inntekter til å kutte i eigedomsskatten. 

Prosjekt- og driftsstyring krev mykje av administrasjonen – men vi les samstundes at dei store sektorane knakar i samanføyingane ute i tenestene. Derfor utset ein no utbygging av fleire kontor på rådhuset og kuttar i administrative stillingsprosentar og vakansar. Signalet er at midlane går ut og ned i tenestene. Dette betyr at vi legg opp til mindre administrasjon og oppfordrar til større mynde og eigarskap til avgjersler og ansvar nedover i organisasjonen. Toppstyring trengs i det lange løp for å få på plass gode folk og å sette kursen, men der er så mange gode tilsette overalt i kommunen sin organisasjon, at desse må myndiggjerast og få den plassen dei fortener.

Vi går inn i eit spennande år med mange nye utfordringar, men desse skal vi løyse i fellesskap. Ta vare på kvarandre, nye og gamle tilsette, frivillige, våre grannar og ikkje minst våre nye innbyggarar også i året som kjem.
Bernt, Oskar og Annika

Endringsframlegg

 Verbalpunkt (tal i heile 1000)Investering

Driftspåverknad

Tall i tusen kronar

Kommentar
1Eigedomskatt uendra 3 promille 3500 
2Renteutgifter korrigert – forventa rentenedgang i 3 kv. 2024 og har rekna ca 0,25% lavare rentekostnad -3101 
3Utbytte som i 2022 og 2023 -399 
4Ikkje budsjettere med bruk av fond 318 
5Det er lagt inn avsetning til fond på  om lag 1,1 mil årleg i perioden 2025 til 2027 0 
6NAV-kommune reduksjon som følgje av andre tiltak -1574 
7Oppvekstkontor, generell innsparing  -688 
8SFO - Uendra (lagt til oppvekstkontor). Ber KD vurdere avvikling av SFO i skuleferien i samarbeid med ein av barnehagane som innsparingstiltak. 2500 
9Musikk- og kulturskulen styrkast med 500' 500 
10Auka inntekt Ressurssenteret -320 
11Barnevern innsparing gjennom tidlege tiltak og alternative løysingar -1700 
12Auka stilling jordmor/tidleg innsats/barnekoordinator 230'+270' + tilskot 500 
13Bu og habilitering: Kostnadskutt på 1108' -1108 
14Plan, byggesak og geodata – innsparing 365' -365 
15Flyttar lønnskostnad frå Samfunn (6500) til Hamn og anløp. ev. innkjøpskoordinator innanfor ramme. -200 
16Næring redusert kutt - auka med 800' 800 
17Kultur - teke inn igjen støtte til Ishavsmuseet, Vonheim, Hareidsstemna, m.m. - 375' 375 
18Kultur teke inn igjen støtte til barnefestival 50' 50 
19Stillingsauke ungdomsarbeid/biblioteket 200 
20Kultur, prioritere ferietilbod for barn og unge innanfor ramma 100 
21Kuttet på soknet er redusert til 154', auke på 486' i forhold til administrasjonen sitt framlegg og inkluderer tenesteyting- og driftsavtale 486 
22Kommunal Eigedom kostnadskutt -198' -198 
23Auka inntekt kommunale bustadar -300 
24Oppstart HUS 2025, auke 1500 – planlegging og prosjektering150090Heilårseffekt
25Uteområde Hjørungavåg 2400'2400144Heilårseffekt
26Diverse grunnkjøp og tilrettelegging, prosjektering, KL, Holstad 5000' 5000300Heilårseffekt
27Vegpakke, 5000' - inkludert, men ikkje avgrensa til Reina, grøfting, berelag, asfalt5000300Heilårseffekt
28Hamn - konsekvensjusterte, unytta midlar løyva for 2023 overført til ferdigstilling prosjekter 2024, styring og div tiltak hamn30000Hamnefond
29Reduksjon rådhuset/utsette kontorauke-4000-240Heilårseffekt
30Utsetting  gangveg flytebrygge Overåsanden-1500-90Heilårseffekt
31Utsette Brannstasjon eit år, ligg igjen 200’ til planlegging-1300-78Heilårseffekt
32Oppgraderingspakke kommunale eigedommar1800108Heilårseffekt
33Utgreiing vatn og avløp Hjørungneset (prosjekt)2500 
34Grunnkjøpspakke (sal av eigedom vert tilført grunnkjøpspakken)300090Halvårseffekt
35

Kommunedirektøren skal kvar månad rapportere forbruk samanlikna med budsjett til formannskapen.

 Rapporten skal minst innehalde forskriftsskjema etter § 5-4 første og andre ledd med forklaring på evt avvik

 0 
36Evaluering av rekneskapsprogram (Visma) og rapporteringsverktøy (Framsikt) - både sjølve kjøpet (prosess, kriterier, kompetanse) og funksjonalitet 0 
37Politisk sak om bustadfelt Røyset 1. halvår 2024 0 
38Drenering bak Bigset skule/SFO i 2025 0 
39Overføring av kontantkasse for barn og unge frå 2023 til 2024 kr. 40’. Balanseførast i 2023 0 
 SUM151500 

 

Andre innspel

Innspela som har kome inn til budsjettet til no. Dei fleste av desse er innspel på kommunedirektøren sitt framlegg.

Budsjettinnspel 2024
Tittel Publisert Type
1 endringsforslag budsjett folkelista frp venstre 2024

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned endringsforslag budsjett folkelista frp venstre 2024.pdf
Budsjett 2024 - eigedomsskatt

04.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Budsjett 2024 - eigedomsskatt.pdf
Budsjett 2024 - spørsmål kring byggefelt på Røyset

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Budsjett 2024 - spørsmål kring byggefelt på Røyset.pdf
Budsjettforslag - kutt i SFO-tilbodet

14.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Budsjettforslag - kutt i SFO-tilbodet.pdf
Eigedomsskatt

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Eigedomsskatt.pdf
Forslag om redusert sfo

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Forslag om redusert sfo.pdf
Innspel budsjett Hareid kommune

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel budsjett Hareid kommune.pdf
Innspel Hareid Småbåtlag

04.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel Hareid Småbåtlag.pdf
Innspel til budsjett

14.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel til budsjett.pdf
Innspel til budsjettforslag

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innspel til budsjettforslag.pdf
Kommunale avgifter - innspel

04.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kommunale avgifter - innspel.pdf
Kutt av åpningstid sfo

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kutt av åpningstid sfo.pdf
Kutt av åpningstider på sfo

05.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kutt av åpningstider på sfo.pdf
Kutt i SFO-tilbudet

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kutt i SFO-tilbudet.pdf
Kutt i SFO-tilbudet (1)

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kutt i SFO-tilbudet (1).pdf
Kutt i SFO-åpningstider

14.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kutt i SFO-åpningstider.pdf
Kutt Sfo

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kutt Sfo.pdf
Kutte på SFO - åpningstide_!

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kutte på SFO - åpningstide_!.pdf
Kva er vitsen med SFO_

04.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kva er vitsen med SFO_.pdf
Redusert åpningstid SFO

14.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Redusert åpningstid SFO.pdf
SFO kutt _ Uteområde - Hjørungavåg SFO

04.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned SFO kutt _ Uteområde - Hjørungavåg SFO.pdf
Spørsmål og innspel til budsjettforslaget om redusert SFO-tilbod

06.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Spørsmål og innspel til budsjettforslaget om redusert SFO-tilbod.pdf
Tilbakemelding på budsjettkutt

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Tilbakemelding på budsjettkutt.pdf
Vedkomande foreslått kutt i SFO-åpningstider

11.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedkomande foreslått kutt i SFO-åpningstider.pdf